Åfjord er ein kommune i Trøndelag fylke. Namnet kjem frå gardsnamnet Å, av norrønt á, 'elv', og fjord. Kommunen er kjend for åfjordsbåten, som blei bygd her i gamle dagar. Båten er symbolisert i kommunevåpenet med to båtar i sølv mot blå bakgrunn.
Kommunen blei skipa i 1964 då ein slo saman herada Åfjord og Stoksund. Årnes blei kommunesenter på 1950-talet. 1. januar 2020 blei Åfjord og Roan kommunar slått saman til ein kommune med namnet Åfjord.[1]