Zlata Ognevitsj (fødd Inna Leonidivna Bordjuh, 12. januar1986 i Murmansk) er ein russisk-ukrainsk-serbisk songar. Ho vaks opp i Sudak på Krimhalvøya, og har ukrainsk-serbisk far.[1]
Etter femteplassen førre år deltok Ognevitsj att i Jevrobatsjennja 2011 - Natsionalnyj vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Ho deltok med singelen «The Kukusjka» i fjerde runde, og gjekk vidare til den fyrste semifinalen. Frå semifinalen gjekk ho vidare til finalen, der bidraget enda på andreplass med 18,40 prosent av røystene. På grunn av mistankar om fusk vart det arrangert ein ny uttaking, men Ognevitsj trekte seg av di ho skulle delta på eit anna fjernsynsprogram same dag som den nye uttakinga.
Etter sigeren i Jevrobatsjennja 2013 - Natsionalnyj vidbir vart det klårt at «Gravity», framført av Ognevitsj og skriven av Nekrasov og Kavelerjan, ville representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2013. Bidraget gjekk vidare frå den fyrste semifinalen, der det enda på tredjeplass med 140 poeng; tolv frå Slovenia, Montenegro, Litauen, Kviterussland, Moldova, Kypros og Italia, åtte frå Danmark og Belgia, sju frå Kroatia og Russland, seks frå Estland, fem frå Serbia, to frå Austerrike, Irland og Storbritannia og eitt frå Sverige. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med ei rangering på 3,94 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 5,16. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[2] Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på tredjeplass med 214 poeng; tolv frå Moldova, Kviterussland, Armenia, Aserbajdsjan og Kroatia, ti frå Litauen, Spania, Estland, Malta, Kypros, Serbia, Bulgaria og Israel, åtte frå Belgia, Hellas, Georgia og Irland, sju frå Ungarn og Latvia, fem frå Nederland, Storbritannia og Italia, fire frå Romania, tre frå Danmark og Island og eitt frå Russland, Noreg og Austerrike. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget andreplass med ei rangering på 5,66 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med ei rangering på 8,74.[2]