Yue-Kong Pao 包玉剛 (10. november 1918–23. september 1991), ofte kalla «Sir Y.K. Pao» eller berre «Y.K.», var grunnleggjar av World-Wide Shipping Group i Hongkong. I løpet av tjue år, frå det første skipet som vart skaffa i 1955, vart dette det desidert største shippingkompaniet i verda med over 20 millionar DWT (dødvekttonn). Ved å føresjå shippingkrisa i slutten av 1970-åra klarte han å kvitta seg av overkapasitet og selje unna den gjelda som knytte seg til skipa han selde, og spreidde interessene sine, særleg ved å kjøpa seg opp til ein kontrollerande aksjesandel i The Hongkong and Kowloon Wharf and Godown Company Limited, no kjent som Wharf (Holdings) og seinare Wheelock Marden. Han fekk store interesser i eigedomsmarknaden i Hongkong, shippingterminalane i byen, varesal, ferjer og trikkar.
Han hadde utmerka samband til politiske leiarar og vart viseformann for komiteen som byrja å førebu den nye lovgivinga i Hongkong for perioden etter 1997.
Kjelder