Your Mamma Won't Like Me

Your Mamma Won't Like Me
Studioalbum av Suzi Quatro
Språk engelsk
Utgjeve 1. mai 1975[1]
Innspelt Audio International, London[2]
Sjanger
Lengd 34:00
Selskap Rak[3]
Produsent
Suzi Quatro-kronologi 
Quatro
(1974)
Your Mamma Won't Like Me Aggro-Phobia
(1976)


Singlar frå Your Mamma Won't Like Me
  1. «Your Mamma Won't Like Me»
    Utgjeve: 31. januar 1975
  2. «I Bit Off More Than I Could Chew»
    Utgjeve: 4. april 1975
  3. «Michael»
    Utgjeve: 1. mai 1975
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Christgau's Record GuideB–[5]

Your Mamma Won't Like Me er det tredje studioalbumet til den amerikanske musikaren Suzi Quatro.[6] Det kom ut i mai 1975 på Rak i fleire land, men kom ut i USA på Arista Records. Plata markerte ei endring i hardrockstilen hennar frå dei to førre albuma Suzi Quatro og Quatro, mot ein meir funk-basert rockestil.

Tittelsporet nådde 31. plassen på den britiske singellista i februar 1975.[7] Den andre singelen til bandet, «I Bit off More Than I Could Chew», nådde òg lista, og nådde 54. plassen på den britiske singellista. «Michael» vart gjeven ut på singel i somme land, inkludert Australia, der han gjekk inn på topp 100. Albumet nådde albumlistene i fleire land, med ei topp 50-plassering i Tyskland, Noreg og New Zealand, i tillegg til at det nådde 146. plassen i USA.

Albumet inneheld ein coverversjon av Little Willie John sin «Fever». Dette var den siste plata hennar med Alistair Mackenzie på klaverinstrument og Mike Deacon erstatta han etter dette. I 2012 vart albumet gjeve ut på ny og digitalt ommastra på 7T's Records i Storbritannia, i lag med dei andre studioalbuma hennar.[3] Denne utgåva kom med bonusspor og nokre sjeldne fotografi.[1]

Innhald

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Bit Off More Than I Could Chew»Mike Chapman, Nicky Chinn3:44
2.«Strip Me»Mike Chapman, Nicky Chinn3:10
3.«Paralysed»Suzi Quatro, Len Tuckey2:44
4.«Prisoner of Your Imagination»Suzi Quatro, Len Tuckey4:51
5.«Your Mamma Won't Like Me»Mike Chapman, Nicky Chinn3:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Can't Trust Love»Suzi Quatro, Len Tuckey3:42
7.«New Day Woman»Suzi Quatro, Len Tuckey3:37
8.«Fever»Eddie Cooley, John Davenport3:39
9.«You Can Make Me Want You»Suzi Quatro, Len Tuckey3:43
10.«Michael»Suzi Quatro, Len Tuckey3:31

Salslister

Liste (1975) Peak
Position
Australia (Kent Music Report)[8] 11

Medverkande

  • Suzi Quatro - solovokal, bassgitar
  • Len Tuckey - sologitar, korvokal
  • Dave Neal - trommer, korvokal
  • Alistair Mackenzie - klaverinstrument, korvokal
  • Bud Beadle - saksofon
  • Chris Mercer - saksofon
  • Mick Eve - saksofon
  • Steve Gregory - saksofon
  • Ron Carthy - trompet
  • Pete Coleman - lydteknikar
  • Mike Chapman - produsent
  • Nicky Chinn - produsent[4]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 «Your Mama Won't Like Me». Allmusic. Henta 15. april 2022. 
  2. «Suzi Quatro – Your Mamma Won't Like Me (1975, Textured gatefold sleeve, Vinyl)». Discogs. 
  3. 3,0 3,1 «Your Mama Won't Like Me : Releases». Allmusic. Henta 15. april 2022. 
  4. 4,0 4,1 «Your Mama Won't Like Me : Credits». Allmusic. Henta 15. april 2022. 
  5. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: Q». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 15. april 2022 – via robertchristgau.com. 
  6. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 785–6. ISBN 1-84195-017-3. 
  7. «UK Official Charts». Official Charts Company. 2019. Henta 15. april 2022. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 243. ISBN 0-646-11917-6. 

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!