Ylöjärvi er ein by og ein kommune i landskapet Birkaland i Finland. Kommunen har 32 000 innbyggarar og dekker eit areal på 1324,1 km², av dette er 208,6 km² vatn. Byen Ylijärvi ligg ved største innsjøen, Näsijärvi.
Byen ligg 14 kilometer vest for Tammerfors, den tredje største byen i Finland. Nærleiken til Tammerfors gjer at folketalet i Ylöjärvi har vakse snøgt dei seinaste åra. Ylöjärvi er ein finskspråkleg kommune.