Xhosa (utt. /ˈkǁʰoːsa/ (uttaleⓘ), isiXhosa) er eit bantuspråk som blir tala i Sør-Afrika og Lesotho. Xhosa er eitt av elleve offisielle språk i Sør-Afrika, og blir brukt av om lag 7 214 000 menneske, eller nær 18 % av sørafrikanarar.[1] Ein som har xhosa som morsmål blir også kalla xhosa.
Som andre bantuspråk er xhosa eit tonespråk, der det ligg meiningsforskjellar i om tonen i eit ord er stigande, fallande, høg eller låg. Språket er også kjenneteikna av klikkelydar, ofte uttrykt som «xh» i byrjinga av eit ord, som i ordet «xhosa».
Fonologi
Geografisk fordeling av xhosa-talarar i Sør-Afrika
Xhosa er framfor alt kjent for klikklydane sine, sannsynlegvis eit lån frå san-språk (urfolksspråka i det sørlege Afrika). Tabellen listar opp fonema med IPA-verdiar og med bokstavane frå den offisielle rettskrivinga.