World Wide Fund for Nature (WWF, fram til 1986 World Wildlife Fund) er ein stor internasjonal naturvernorganisasjon som vart grunnlagt av biologen Julian Huxley og ornitologen Peter Scott i 1961. Organisasjonen sitt varemerke er ein pandabjørn.
Hovudmålet til organisasjonen var opphavleg å verne truga artar og tilhøyrande habitat, men med åra har dette vorte utvida til å omfatte naturvern på eit generelt plan. I dag blir WWF rekna for å vere den største og viktigaste naturvernorganisasjon i verda.
Hovudoppgåver
- Verne mangfaldet blant artar og økosystem
- Sikre berekraftig bruk av naturressursar
- Kjempe mot forureining og overforbruk av ressursar og energi
WWF International
Organisasjonen har omkring 5 millionar medlemmar og 4000 tilsette globalt. WWF er representert med lokale organisasjonar i meir enn 30 land, mellom anna Noreg. I tillegg er staben engasjert i feltarbeid i meir enn 100 land. Hovudkontoret ligg i Gland i Sveits.
WWF organiserer arbeidet i seks hovudområde: Artar, ferskvatn, giftige kjemikaliar, klimaendringar, kyst, hav og skog.
I dag engasjerer WWF seg òg politisk, finansielt og innan utdanning, for å nå målsettingane sine om bevaring og naturvern. I så måte er organisasjonen òg kjent for å ha teke i bruk sivil ulydigheit for å syne synspunkta sine.
Nasjonale samskipnader
WWF-Noreg
World Wide Fund for Nature Noreg (WWF-Noreg) vart grunnlagt i 1970 med Kong Harald V (som då var kronprins) som president. I Noreg var organisasjonen tidlegare kjent under namnet Verdas villmarksfond. Den norske avdelinga hadde ca 4000 medlemmar og 15 tilsette i 2005. I 2007 var det 7000 medlemmar og 30 tilsette. Hovudkontoret i Noreg ligg i Oslo.
Generalsekretærar
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. (2023) |
Bakgrunnsstoff