Verdsmeisterskapen i rally (World Rally Championship, WRC) er ein meisterskap over fleire rundar som vert arrangert av FIA. Ved enden av kvar sesong vert det kåra beste førar og beste produsent. Førarmeisterskapet og produsentmeisterskapet er separate meisterskap, men basert på det same poengsystemet. Det første Rally-VM blei arrangert i 1973. I 2009 skal det køyrast 12 runder før det vert kåra ein samanlagtvinnar.
Historie
Verdsmeisterskapet i Rally vart starta i 1973, med 13 rallyløp, der somme av dei tidlegare hadde vore del av International Championship for Manufacturers som eksisterte i tre år frå 1970. Det første WRC-løpet var det 42. Monte Carlo Rally som starta den 19. januar 1973 og varte i 10 dagar med 18 etappar på om lag 420 km til saman. Vinnaren vart franskmannenJean-Claude Andruet i ein Alpine-Renault. Alpine-Renault vann fabrikkmeisterskapet overlegent dette førse året, medan førarresultata ikkje talde offisielt før i 1977.