Westminsterkatedralen er den hovudkyrkja for den katolske kyrkja i England, og er eit eksempel på nybysantinsk arkitektur frå 1900-talet. Arbeidet blei starta under erkebiskop Herbert Vaughan i 1894, og ennå arbeider ein med mosaikkutsmykkingane, då desse blir finansierte gjennom gåver til kyrkja. Ho blei innvia i 1910, og er dedisert til «Jesu Kristi mest dyrebare blod». Katedralen er sete for erkebiskopen av Westminster katolske erkebispedømme.
Bakgrunnsstoff