Vorë er ein by og ein kommune i regionenTirana i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet nordvest for hovudstaden Tirana og grensar til regionen Durrës i nord.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Vorë vart slått saman med landkommunanePrezë og Bërxullë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Vorë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 10 901 innbyggjarar, medan dei tre kommunane som i dag utgjer storkommunen Vorë, til saman hadde 25 511 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktetTirana.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Vorë og busetnadene:[2]