Visuell roman (engelsk visual novel, japansk ビジュアルノベル, bijuaru noberu) er ein type interaktivt dataspel som hovudsakleg nytter statisk grafikk, som oftast i ein kunststil inspirert av anime eller manga, eller tidvis realfilm for å fortelja ei historie.[1] Forma oppstod i Japan tidlig i 1990-åra.[2][3]
Innan japansk terminologi skil ein ofte mellom visuelle romanar (ofte forkorta NVL), som hovudsakleg dreier seg om historieforteljing og har lite eller ingen interaksjon frå spelaren, og eventyrspel (ofte forkorta AVG eller ADV), som tar i bruk problemløysing og andre former for speling. Dette skiljet er vanlegvis gått tapt utanfor Japan, der begge formen blir kalla visuelle romanar. Begge slaga er populære i Japan, der spel innan desse sjangerane utgjorde nesten 70 % av japanske dataspel slopne i 2006.[4]