Versoix er ein kommune i kantonen Genève i Sveits, ved sørvestbreidda til Genfersjøen. Kommunen har 13 108 innbyggjarar (2011) og eit areal på 10,51 km². Kommunesenteret ligg 385 meter over havet, om lag åtte kilometer nord for byen Genève, grensar i vest til Frankrike og i nord til kantonen Vaud.
Han er den siste byen i kantonen Genève langs vegen nordaustover mot Lausanne, før kantonen Vaud. Avstanden til sentrum av Genève er om lag 10 km, og det tar kring 15 minuttar med tog eller bil inn til sentrum.