Verdens Gang (VG) er ei norskavis, i daglegtale kalla VG. Verdens Gang var i 2004 den største avisa i Noreg. Ansvarleg redaktør for VG er Gard Steiro.[1]
Historie
Verdens Gang si nettavis var i 2004 den største norskspråklege nettavisa føre NRK si nettavis. Sistnemnde var dessutan den andre norske avisa som lanserte si nettutgåve.
Medlemer av motstandsrørsla starta avisa kort tid etter frigjeringa i 1945. Første nummer av avisa kom ut 23. juni 1945. Avisa er partipolitisk uavhengig. VG er i dag eigd av mediekonsernet Schibsted, som òg eig Aftenposten i tillegg til postar i dei fleste større norske regionaviser.
8. november 2014 klokka 10.00 starta Verdens Gang sendingar på norsk fjernsyn, men ein har berre tilgang til kanalen om ein er kunde hjå Canal Digital.[2]