Veldre kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 2000 i Ringsaker kommune, Innlandet. I det ytre har krykja relativt tradisjonell form, sjølv om materialbruk og rominndeling er meir moderne. Sjølve kyrkjesalen er som ei langkyrkje.
Det har vore kyrkje i Veldre sidan mellomalderen, og den førre kyrkja brann i 1996. Dermed forsvann òg den eine av berre to altertavlar laga av Anders Olsen Sæther og ein preikestol av Lars Pinnerud.
Tuftene frå gamlekyrkja er synlege på kyrkjegarden.
Tidlegare kyrkje
Før den noverande kyrkja hadde Veldre ei lafta krosskyrkje frå 1726. Denne hadde ei altertavle skoren i 1790 av Anders Olsen Sæther (og ei skoren i 1694 av Johannes Skraastad), i tillegg til preikestol (1737), døypefont (1728) og korskilje (1728) laga av Lars Pinnerud.[1] Kyrkje og inventar brann opp den 26. september 1996.[2] Ein mistenkte at brannen kom av feil ved det elektriske anlegget.[3]
Egil Enemo (1995). «Veldre kirke». I Egil Enemo og Trond Røhnebæk. Kirker i Ringsaker. Brøttum, Furnes, Nes, Ringsaker og Veldre historielag. s. 49-54. ISBN82-991756-8-2. [Omhandler korskirken som brant i 1996]