Vassfjellet skisenter er eit alpinsenter som ligg i Trondheim kommune (tidlegare i Klæbu kommune) i Trøndelag, på austsida av Vassfjellet. Senteret ligg om lag 8 km sør for bygrensa til Trondheim.
Vassfjellet skisenter har 7 skiheisar, 12 nedfartar[1] og ei total fallhøgd på 460 m. Her er også kafé, utleige av ski, skiservice og skiskole.[2]
Alpinsenteret opna for første gong i 1984.[3]
Sportsklubben Freidig kjøpte senteret og tok over drifta i 2018.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff