Varteig kyrkje er ei krosskyrkje av tre i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Kyrkja vart vigsla i 1859 som tredje kyrkja på staden.
I byrjinga hadde kyrkja takryttar over krysset, men han vart riven i 1911, då kyrkja fekk eit vesttårn. Eit sakristi vart oppført i aust i 1894, men vart erstatta med eit nytt tilbygg i 1975.
Gamalt inventar er teke i bruk igjen etter å ha vore erstatta med nyare. Kyrkja har glasmåleri av Borgard Hauglid frå 1929.
Bakgrunnsstoff