I perioden frå 1890-talet til eit stykke ut på 1960-talet reiste tusenvis av listelendingar over Atlanterhavet til Amerika. Dei fleste drog til austkysten, blant anna til New York-området, der dei arbeiddee som hushjelpar, sjøfok og snikkarar. Etter månader eller år, og eitt eller fleire opphald, drog mange av dei heim att. Dette var med å seja preg på Lista.[1]
Brooklyn Square
Brooklyn Square er ei gate på Bryne i Vanse sentrum; mellom fylkesveg 651 og Abraham Berges vei.[2] Gata har namn etter Brooklyn i New York, og er den fyrste offisielle amerikanske adressa i Noreg.[3] Her ligg Trunken, ein butikk som sel amerikanske varer. Han opna 25. desember 2004.[4] Ved sida av Trunken ligg restauranten 8th Avenue, som er inspirert av New York på 50- og 60-talet.[5] Til jul blir gata pynta på amerikansk vis.[6] 29. oktober 2011 blei Farsund kommune vennskapsby med Bay Ridge Neighborhood i Brooklyn i New York.[7]
American festival
American festival er ein festival som er blitt halden årleg den siste helga i juni sidan 2007. Han avløyste den tidlegare Listafestivalen. Festivalen er fyrst og fremst ei feiring av det norske Amerika og banda mellom Lista og USA. Han har som målsetnad å visa fram norsk-amerikansk kultur og samtidig setja Farsund og regionen på kartet.[8] Sommaren 2015 vitja 20 000 folk i løpet av festivalhelga.[9] Selvaagparken på Bryne blir også brukt aktivt under festivaldagane.[10]
Kjelder
↑Ringdal, Siv (2002). «Americana på avveie». Det amerikanske Lista. Med 110 volt i huset. Pax forlag. s. 16. ISBN82-530-2325-1. «Linje 1-8»
↑«Brooklyn Square; americanfestival.no». American festival. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 27. januar 2017. «på Brooklyn Square i Vanse, som er den første offisielle amerikanske adressen i Norge.»
↑Christina Breisnes. «About Trunken». Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 27. januar 2017. «Trunken åpnet sine dører på Thanksgiving 25. november 2004.»
↑Bruno Nyhus. «8th Avenue». Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 27. januar 2017. «Ideen vår har vært å gjenskape elementer fra New York fra 50-60-tallet.»
↑Lonheim, Sylfest (26. oktober 2016). «Lerkelandet Lista». Klassekampen. s. 5. «På Vanse er julegata i desember heil-amerikansk»
↑Bakke, Åse Astri (29. oktober 2011). «Farsund+Brooklyn=sant». Lister. «I dag formaliseres det hjertelige forholdet når Farsund kommune blir vennskapskommune med Bay Ridge Neighborhood of Brooklyn, New York.»
↑Havaas, Svein Morten (28. juni 2015). «Innholdsrike amerikanske festivaldager». Lister. «Faktaboks i tillegg til: Det er sjuende året at American Festival arrangeres med dagens konsept som inkluderer Street Dance på lørdagskvelden.»
↑Hansen, Ole Henrik (21. juni 2016). «Tjuvstartet lansering av ny bok på hjemmebane». Aust Agder Blad. s. 5. «American Festival i Vanse hadde i fjor 20.000 besøkende i løpet av helgen.»
↑Havaas, Svein Morten (25. april 2014). «Innholdsrike amerikanske festivaldager». Lister. «Selvaagparken blir for øvrig brukt stadig mer aktivt under festivaldagene.»