Vanna (eller Vannøya, nordsamiskVárdná eller Vánnjá) er ei øy som ligg ytst i Karlsøy kommune i Troms. Vanna heitte opphavleg Vorn eller Varna, som tyder «den som gjev vern».
Øya er 232 km², og er den nest største i kommunen og den 17. største øya i Noreg. Øya, som er ei «fjelløy», har ca. 750 innbyggjarar, og det høgste fjellet er Vanntind, 1033 moh.
Vannavalen og Kristoffervalen ligg på nordaustsida av Vanna. Her er det hamn, fiskebruk og eit av dei største klippfiskanlegga i Noreg. I Kristoffervalen er det barnehage og her er også redningsskøyta «Erik Bye» med sitt faste mannskap stasjonert.
Vannvåg ligg på søraustsida av Vanna. Her er det hamn og fiskebruk. Grunnskule for den austlege delen av Vanna (65 elevar 2003/2004). Det er barnehage, symjehall, alpinbakke, post og handel. Snøggbåten mellom Tromsø og Skjervøy har stoppestad i Vannvåg.
Torsvåg ligg ytst på nordvestsida av Vanna. Fiskeværet Torsvåg har vore svært aktivt i mange hundre år og har også vore ein viktig kyrkjestad. I dag dannar moloar på begge sider av holmen Kåja ei lun hamn. På Kåja ligg eit av fiskebruka på Vanna, «Torsvågbruket» og på toppen av Kåja er Torsvåg fyr.
Kjelder
Artikkelen «Vanna», henta frå bokmålswikipedia 29.06.2006, som oppgjev desse kjeldene: