Vangelis spelte i fleire populære band i 1960-åra som The Forminx og Aphrodite's Child, som gav ut albumet 666 som vert rekna som ein psykedelisk klassikar.[2] Gjennom 1970-åra komponerte Vangelis musikk for fleire dyredokumentarar, som L'Apocalypse des animaux, La Fête sauvage og Opéra sauvage, og suksessen med denne musikken førte at han vart ettertrakta i filmindustrien. Tidleg i 1980-åra danna Vangelis ein musikalsk partnarskap med Jon Anderson, den tidlegare songaren i det progressive rockebandet Yes, og duoen gav ut fleire album i lag som Jon & Vangelis.
I 1981 komponerte han musikken til den Oscarvinnande filmen Chariots of Fire, som han med musikken sjølv vann Oscarprisen for. Singelen frå lydsporet, Titles, nådde òg toppen av den amerikanske Billboard Hot 100, og vart nytta som bakgrunnsmusikk under medaljeseremoniane under sommar-OL 2012 i London.
Med ein karriere som dekka over 50 år og med musikk og deltaking på meir enn 50 album, er Vangelis rekna som ein av dei viktigaste eksponentane for elektronisk musikk.[3][4][5]
Biografi
Dei første åra
Vangelis vart fødd 29. mars 1943 i Agria, nær Volos i Hellas. Han var i stor grad ein sjølvlærd musikar, og byrja visstnok å skrive musikk alt då han var fire år gammal. Han nekta å ta tradisjonelle pianotimar, og gjennom karrieren sin har han aldri hatt nok kunnskap til å skrive eller lese notar.[6] Han studerte måling, noko han framleis praktiserer, ved Kunstakademiet i Aten.[7] Då han var seks år gammal fekk foreldra hans han inn på ein musikkskule i Aten. I eit intervju med Life vart Vangelis spurt om mangelen på kunnskap til å lese notar:
«
Når lærarane bad meg spele noko, lata eg som om eg las notane og spelte frå minnet. Eg lurte dei, men eg brydde meg ikkje.[6]
»
Arbeid i band
Tidleg i 1960-åra var han med på å starte popbandet The Forminx (eller The Formynx), som vart populære i Hellas.[8] Dei heldt til i Aten og bestod av fem mann som spelte ei blanding av coverversjonar og sine eigne songar, som stort sett var skrivne av Vangelis, med tekst av DJ- og plateprodusent Nico Mastorakis på engelsk. The Forminx gav ut ni singlar og ein jule-EP, før dei vart oppløyst i 1966, medan dei var på sitt mest suksessfulle.[8] Ein film som vart laga om dei på denne tida, opphavleg regissert av Theo Angelopoulos, vart aldri gjort ferdig, og songane, som var laga for filmen, vart aldri gjeven ut. Vangelis brukte dei to neste åra i studio, og skreiv og produserte musikk for andre greske artistar.[6][9]
På tida rundt studentopprøra i 1968 danna Vangelis det progrockbandetAphrodite's Child i lag med Demis Roussos, Loukas Sideras og Anargyros «Silver» Koulouris. Etter eit mislukka forsøk på å reise til Storbritannia, fann dei ein heim i Paris, der dei spelte inn den første singelen sin, «Rain and Tears», som vart ein stor hit i Europa. Andre singlar følgde, mellom anna to album, som i alt har seld over 20 millionar plater. Platesala gjorde at plateselskapet bad om eit tredje album, og Vangelis starta å skrive musikken til det doble 666, basert på Johannes' openberring, den siste boka i Bibelen. Irene Papas deltok på albumet (vokal på «Infinity»). Krangling mellom medlemmane under innspelinga av 666 førte til at bandet vart oppløyst i 1971, men albumet kom likevel ut i 1972. Trass i dette har Vangelis sidan produsert fleire album og singlar for Demis Roussos, som på si side song på lydsporet for Blade Runner.[9][10][11]
Tidlege soloverk
Medan han framleis var i Aphrodite's Child, hadde Vangelis vore involvert i soloprosjekt. I 1970 skreiv han musikk for ein film regissert av Henry Chapier kalla Sex Power, der Demis Roussos song vokal. I 1971 førte ein «jam-session» med ei gruppe musikarar i Marquee Studios i London i musikk nok til to album, som uoffisielt vart gjeven ut utan at Vangelis gav løyve til det i 1978, som Hypothesis eller Visions of the Future, og The Dragon. Vangelis gjekk til søksmål for å få albuma trekt attende. Eit meir suksessrikt prosjekt var musikken han skreiv for dyrefilmane av den franske regissøren Frédéric Rossif. Den førte var L'Apocalypse des animaux, som kom i 1973. I 1972 gav studentopprøra i 1968 inspirasjon til eit album kalla Fais que ton rêve soit plus long que la nuit (La draumen din vare lengre enn natta), som bestod av små musikkstykke med klipp frå nyhendesendingar og protestsongar. Somme av tekstane var baserte på graffiti skrivne på veggane under opprøra.[12]
Solokarriere
I 1973 byrja solokarrieren til Vangelis for alvor. Det første «offisielle» soloalbumet var Earth, men vart framført av ei gruppe musikarar som mellom anna bestod av den tidlegare Aphrodite's Child-gitaristen Silver Koulouris og vokalisten og låtskrivaren Robert Fitoussi (betre kjend som F.R. David).[13] Denne besetninga spelte ei kort stund under namnet Humanity, som gav ut singelen «Bird of Love», skriven av Richard Broadbacker, som var eit pseudonym Vangelis nytta, med B-sida «The Pawn», skriven av Fitoussi, og med Vangelis på trommer.[14] Den same besetninga spelte òg under namnet Odyssey, gav ut ein singel i 1974 kalla «Who», men det var siste gongen Vangelis spelte med dei. Seinare i 1974 trudde ein at Vangelis var på veg inn i eit anna progrock-band, Yes, då Rick Wakeman slutta i bandet. Etter nokre veker med øvingar vart Vangelis usikker på om hans skulle bli med i Yes eller ikkje, og bandet valde å hente inn sveitsaren Patrick Moraz i staden, som seinare vart med i The Moody Blues. Vangelis vart i denne perioden vener med vokalisten i Yes, Jon Anderson, og arbeidde seinare med han ved fleire høve, mellom anna som duoen Jon & Vangelis.[15]
Etter å ha flytta til London fekk Vangelis platekontrakt med RCA Records, sette opp sitt eige studio, Nemo Studios,[16] og byrja å spele inn ei rekkje elektroniske album, som Heaven and Hell (1975), Albedo 0.39 (1976), Spiral (1977), Beaubourg (1978) og China (1979). Delar av Heaven and Hell vart seinare nytta som kjenningsmelodi i PBS-serien Cosmos av Carl Sagan. To melodiar frå Albedo 0.39, «Alpha» og «Pulstar», og eit spor frå L'Apocalypse des animaux, «Création du Monde», vart òg nytta i Cosmos. Ein annan del (songen «So Long Ago, So Clear»), med gjestevokal av Jon Anderson, markerte starten på samarbeidet deira. Beaubourg var eit særs eksperimentelt album, nesten heilt utan melodi og stort sett bygd opp av elektroniske lydar og støy. Kort tid i same året, 1978, etter gav Vangelis ut ein disco-singel, «Red Square», med B-sida «When the Cat's Away», gjeven ut under pseudonymet Mama O.
Vangelis medverka òg som produsent og klaverspelar på albumet Phos, av det greske rockebandet Socrates Drank the Conium (seinare berre kalla Socrates og fleire andre, hovudsakleg italienske artistar.[17][18]
I 1979 skreiv Vangelis musikk til ein ny dyredokumentar av Frédéric Rossif, Opéra sauvage. Musikken frå dette albumet gjorde han kjend i filmverda. Musikken frå dokumentaren vart sidan nytta i andre filmar, mellom anna sporet «L'Enfant» i The Year of Living Dangerously (1982) av Peter Weir. Den same melodien kan òg høyrast spelt av eit marsjband i byrjinga av opningsseremonien i filmen Chariots of Fire. Musikken vart òg nytta i reklamar (som sporet «Hymne» i reklame for pasta frå Barilla i Italia og vin frå Ernest & Julio Gallo i USA).[19]
I 1981 skreiv Vangelis musikk for filmen Chariots of Fire, som handla om sommar-OL 1924. Musikkvalet var uortodoks sidan dei fleste periodefilmar nyttar tradisjonell orkestermusikk, medan musikken til Vangelis var moderne og full av synthesizer. Filmen vann Oscarprisen for beste film og Vangelis vann prisen for beste lydspor. Opningstemaet frå filmen vart gjeven ut på singel i 1982 og nådde toppen av den amerikanske Billboard-lista i ei veke, etter å ha klatra jamt og trutt i fem månader.[20]
Den greske musikaren Stavros Logarides hevda at Vangelis hadde kopiert melodien til «Titles» frå ein av komposisjonane hans kalla «City of Violets». Logarides var medlem av bandet Poll i 1970-åra og ein ven av Vangelis på den tida. Logarides saksøkte Vangelis for plagiat i 1987. Under rettssaka sette Vangelis opp synthesiserane sine i rettssalen og spelte for dommarane for å syne komposisjonsprosessen sin.[21] Dommaren avgjorde at likskapane i melodien var minimale og at «Titles» var eit original Vangelis-stykke.[22]
Andre Vangelis-lydspor var Antarctica for filmen Nankyoku Monogatari i 1983, og The Bounty i 1984. Vangelis samarbeidde òg i 1981 og 1986 med den italienske songaren Milva, og fekk suksess, særleg i Tyskland, med albuma Ich hab' keine Angst og Geheimnisse. Det italiensk-språklege Nana Mouskouri-albumet inneheld ein song av Vangelis, «Ti Amerò». I lag med tekstforfattaren Mikalis Bourboulis skreiv Vangelis songar sungen av Maria Farantouri, som «Odi A», «San Elektra» og «Tora Xero».[23]
Hovudtemaet for Chariots of Fire vart vald av Steve Jobs i Apple då den første Macintosh-maskinen vart viste fram i januar 1984.
I 1982 samarbeidde Vangelis med regissøren Ridley Scott for å skrive musikk til science fiction-filmen Blade Runner.[24] Musikken til Vangelis fanga isolasjonen og melankolien i rollefiguren til Harrison Ford,
Rick Deckard, og er ein minst like viktig del av det dystopiske miljøet som dei forfalne bygningane og det stadige regnet.[25]
Ei usemje førte til at Vangelis heldt attende utgjevinga av musikken frå Blade Runner, og studioet leigde inn ei gruppe musikarar kalla «The New American Orchestra» for å spele inn det offisielle albumet då filmen kom ut. Det tok 12 år før usemja vart løyst og albumet med musikken framført av Vangelis kom ut i 1994. Albumet var likevel ufullstendig, sidan filmen inneheld musikk som ikkje var skriven av Vangelis.[23] I løpet av åra har mange piratkopiplater av Blade Runner kome ut, med det meste av musikken frå filmen.[26] Ein offisiell plateboks på tre plater kom ut seint i 2007 til minne om 25-årsjubileet for filmen. Denne inneheld det originale albumet frå 1994, ei plate med meir musikk frå filmen, og ei tredjeplate med ny Vangelis-musikk inspirert av Blade Runner. 2007-utgåva manglar likevel noko av lydsporet, mellom anna bakgrunnsmusikken frå Taffey Lewis bar-scenen med vokal av Demis Roussos.[27]
Carl Sagan-serien Cosmos: A Personal Voyage nyttar musikk av Vangelis frå 1975-1979, mellom anna kjenningsmelodien til serien, som var 3. satsen frå Heaven and Hell. «Alpha» (frå albumet Albedo 0.39) og eit utdrag frå «Beaubourg» vart òg nytta i serien. «Alpha» er òg nytta i dramaserien Death of a Princess.
Ei sjeldan Vangelis-innspeling, Etends-tu les Chiens Aboyer? vart òg nytta i TV-serien. Opphavleg var dette ei innspeling berre tilgjengeleg på eit album kalla Ignacio frå 1977. Under produksjonen av serien meinte Sagan at musikken til Vangelis verkeleg skapte den rette atmosfæren for kosmos. Serien Cosmos introduserte musikken til Vangelis for eit heilt nytt publikum, særleg i 1981 då serien vart send verda over. RCA Records i Europa gav ut The Music of Cosmos med musikk frå serien.
I 1982 spelte Vangelis på spansk fjernsyn med Neuronium (Michel Huygen og Carlos Guirao). Dette vart gjeve ut på CD i 1996 som A Separate Affair. I 1983 skreiv Vangelis musikk framført med Irene Papas for den greske tragedien Elektra, som vart sett opp av Michael Cacoyannis i amfiteateret i Epidavros i Hellas.[29] Same året komponerte Vangelis for første gong musikk for ein ballett av Wayne Eagling. Denne vart opphavleg framført av Lesley Colier og Wayne Eagling ved ein galla for Amnesty International i Drury Lane, men i 1984 presenterte Royal Ballet School igjen balletten ved teateret Sadler's Wells. I 1985 og 1986 skreiv Vangelis musikk for to ballettar til: «Frankenstein – Modern Prometheus» og «The Beauty and the Beast». I 1992 skreiv Vangelis musikk for Euripides-skodespelet Medea, med Irene Papas.[30] Vangelis skreiv òg kjenningsmelodien for den franske filmen La Peste frå 1992 av regissøren Luis Puenzo.[31] I 1990-åra skreiv Vangelis musikk for ein undersjøisk dokumentar for den franske økologen og filmskaparen Jacques-Yves Cousteau.[32]
I mai 2000 skreiv Vangelis musikk for og designa og regisserte det olympiske flaggskiftet under avslutningsseremonien til sommar-OL 2000 i Sydney.[34] Det finst ingen offisielle utgjevingar av musikken til Vangelis frå Sydney-OL, men musikken vart nytta under presentasjonen av emblemet for sommar-OL 2004 i Aten. Musikk frå Chariots of Fire vart nytta under opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London i ei humoristisk framføring av Rowan Atkinson som Mr. Bean.[35]
2000-åra
Vangelis framførte orkesterstykket Mythodea live og gav dette ut på plate. Musikken var meir orkestermusikk enn eit elektronisk stykke, opphavleg skriven i 1993. Musikken vart nytta av NASA som tema for Mars Odyssey-oppdraget i 2001.[36] Eit år seinare, i 2002, laga Vangelis 2002 FIFA World Cup Official Anthem, den offisielle hymnen for verdsmeisterskapen i fotball 2002.[37]
Den 11. desember 2011 vart Vangelis invitert av Katara kulturlandsby i Qatar for å utforme, regissere og komponere musikken for opninga av eit utandørs amfiteater. Under opninga vart det nytta lysshow av den tyske kunstnaren Gert Hof og det heile vart filma av Hugh Hudson.[41]
I 2012 skreiv Vangelis om og la til ny musikk til Chariots of Fire, som vart nytta i sceneoppsetninga i 2012, basert på filmen.[42][43]
Personleg liv
For ein artist som er så kjend som Vangelis, veit ein lite om det personlege livet hans, og han gjev sjeldan offisielle intervju til journalistar. I eit intervju i 2005 med The Telegraph, snakka Vangelis opent om forskjellige delar av livet sitt. Han sa at han «aldri var interessert» i den «dekadente livsstilen» frå tida hans i band, og valde å ikkje drikke alkohol eller bruke dop. Han sa i det same intervjuet at han var i sitt tredje forhold, og då han vart spurt om kvifor han ikkje har barn, svarte han:
«
…Fordi med så mykje reiser som eg har, og alt tullet som finst i musikkindustrien, kunne eg ikkje tatt meg av eit barn på den måten eg trur ein må ta seg av eit barn på.
»
Det er ikkje kjend kva som er heimstaden til Vangelis og han har sagt at han «reiser rundt» i staden for å slå seg ned ein spesifikk stad for lengre periodar. Som hobby driv Vangelis med måling og den første kunstutstillinga hans turnerte i Sør-Amerika i 2005.[3]
Utdrag frå andre intervju nemner at Vangelis har vore gift to gonger før. I eit intervju i 1976 med det nederlandske magasinet Oor, vart det skrive at kona til Vangelis heitte Veronique Skawinska, ein fotograf som hadde laga plateomslag for Vangelis.[11][44] Eit intervju i 1982 med musikkmagasinet Backstage indikerte at Vangelis tidlegare hadde vore gift med songaren Vana Verouti,[45], som har sunge på somme av platene hans, første gongen på La Fête sauvage og seinare på Heaven and Hell.
Vangelis døydde 17. mai 2022, 79 år gammal, på eit sjukehus i Paris på grunn av hjartesvikt under behandling for covid-19.[46][47][48]
tangen
Musikalsk stil og komponering
Som musikar som alltid har komponert og hovudsakleg spelt klaverinstrument, nyttar Vangelis mykje synthesizerar[49] og andre elektroniske måtar å lage musikk på. Synthtopia, ein nettstad for elektronisk musikk, skriv at musikken til Vangelis kan kallast «symfonisk electronica» fordi han brukar synthesizerar på ein orkestral måte. Same nettstaden skildrar musikken hans som melodisk: «trekkjer melodiar frå folkemusikk, særleg gresk musikk frå heimlandet hans».[50] Musikken og komposisjonane til Vangelis har òg blitt skildra som «...ein særeigen stil med enkle, gjentakande, men minneverdige melodiar mot stemningsfulle rytmar og akkordprogressjonar.»[51] Han har ofte nytta vibrato på synthesizerane sine, som vart utført på ein særeigen måte på hans Yamaha CS80 polyfoniske synthesizer - der ein ved hjelp av å variere trykket på tangenten kan produsere ein uttrykksfull vibratolyd.
I eit intervju med Soundtrack, ein nettstad for musikk og film, snakka Vangelis om korleis han komponerer musikk. For filmar sa Vangelis at han byrja å skrive musikken for filmen så snart han såg eit råklipp av filmen.[52] I tillegg å arbeide med synthesizerar og andre elektroniske instrument, har Vangelis òg arbeidd med og dirigert orkester. Til dømes dirigerte Vangelis eit orkester for Oliver Stone-filmen Alexander, som bestod av forskjellige klassiske instrument, i tillegg til sitarar, perkusjon, fingercymbal, harper og dudukar.[53]
Vangelis nyttar ein teknikk der han speler inn alle spora samstundes på lydband, ved hjelp av eit MIDI-system kalla Zyklus.[54] Han kalla albumet Direct opp etter etterfølgjaren til Zyklus, som vart spesifikt laga for han av designarane i Zyklus MPS, Bill Marshall, Pete Kellock og Mike Crisp.[55]
«
Han forklarer den vanlege tilnærmingsmetoden hans. Så snart ein musikalsk idé er der, er så mange keyboard som mogeleg tilkopla kontrollkortet, som igjen er direkte tilkopla dei gjeldande spora på fleirsporsmaskinen. Ideen er no å spele så mange keyboard som mogeleg samstundes. På den måten får ein eit så breitt grunnlag som mogeleg, som så berre trengs å finjusterast. Etter det er snakk om å liggje ting til eller ta bort ting.[56]
»
Ettermæle
Frankrike har gjeve Vangelis Chevalier des Arts et des Lettres i 1992.[57] I 1995 vart asteroiden6354 Vangelis kalla opp etter han.[58]NASA gav sin Public Service Medal til Vangelis i 2003. Prisen er den høgaste utmerkinga romsenteret gjev til folk som ikkje er tilsett i dei amerikanske styresmaktene.[59] Fem år seinare, i 2008, gjorde Kapodistrian universitet i Aten Vangelis til æresdoktor og Professor Emeritus.[60] I juni 2008 gav American Hellenic Institute Vangelis ein AHI Hellenic Heritage Achievement Award for hans «eksepsjonelle kunstnariske bragder» som pioner innan elektronisk musikk og for å fremje gresk kultur gjennom verka sine.[61] Den 16. september 2013 vart Vangelis trykt på eit gresk frimerke.[62]
Motif ukiran gagatas pada rumah Bubungan Tinggi Wasaka di Banjarmasin Bentuk Kue Gagatas inilah yang menjadi nama motif Hiris Gagatas Hiris Gagatas adalah salah satu motif dalam tatah surut (relief) yang diterapkan pada ornamen ukiran Rumah Bubungan Tinggi (Rumah Banjar). Motif Gagatas banyak ditemukan pada semua bagian rumah adat Banjar misalnya di ukir pada tataban Rumah Bubungan Tinggi. Rujukan Imam Santoso, gambar konstruksi Type Rumah Banjar Bubungan Tinggi Baruh Kambang, Museum Lambung ...
Mass civilian casualties of Israeli bombing, shelling and rocket attacks on the Gaza Strip have occurred in the Israeli–Palestinian conflict, in which Israeli bombing attacks on the Gaza Strip cause numerous civilian fatalities.[a] The reason for such operations is purportedly to carry out targeted assassinations of militants from Hamas, Islamic Jihad and other groups seen to be a threat to Israel, whose Shin Bet data banks monitor thousands of Palestinians for targeting.[1]...
Patrick Rakovsky Informasi pribadiTanggal lahir 2 Juni 1993 (umur 30)Tempat lahir Olpe, JermanTinggi 1,87 m (6 ft 1+1⁄2 in)Posisi bermain Penjaga gawangInformasi klubKlub saat ini 1. FC NürnbergNomor 22Karier junior1999–2000 Dukla Praha2000–2003 Sparta Praha2003–2004 SK Slavia Praha2004–2007 Sparta Praha2007–2011 FC Schalke 04Karier senior*Tahun Tim Tampil (Gol)2011– 1. FC Nürnberg II 23 (0)2011– 1. FC Nürnberg 6 (0)Tim nasional‡2007–2008 Jerman ...
العلاقات الإيرانية السريلانكية إيران سريلانكا إيران سريلانكا تعديل مصدري - تعديل العلاقات الإيرانية السريلانكية هي العلاقات الثنائية التي تجمع بين إيران وسريلانكا.[1][2][3][4][5] مقارنة بين البلدين هذه مقارنة عامة ومرجعية للدولتين: وجه ا...
Deputi Bidang Koordinasi Ekonomi Kreatif, Kewirausahaan dan Daya Saing Koperasi dan Usaha Kecil dan Menengah Kementerian Koordinator Bidang Perekonomian Republik IndonesiaGambaran umumDasar hukumPeraturan Presiden Nomor 8 Tahun 2015Susunan organisasiDeputiMohammad Rudy Salahuddin[1]Kantor pusatGedung Ali Wardhana Jl. Lapangan Banteng Timur No.2-4, Jakarta Pusat 10710[2]Situs webwww.ekon.go.id Deputi Bidang Koordinasi Ekonomi Kreatif, Kewirausahaan dan Daya Saing Koperasi ...
This article is about a TV network in Ehime Prefecture. For the same abbreviation of English name of 東森電視, see Eastern Broadcasting Company. Ehime BroadcastingTrade nameEhime Broadcasting Co., Ltd.Native name株式会社テレビ愛媛Romanized nameKabushikigaisha terebiehimeTypeKabushiki gaishaFoundedJanuary 20, 1969; 54 years ago (1969-01-20)Headquarters110 Masago-cho, Matsuyama City, Ehime Prefecture, JapanKey peopleMakio Otani (President and Representative Direct...
Microsoft software product Microsoft BobDeveloper(s)MicrosoftInitial releaseMarch 10, 1995; 28 years ago (1995-03-10)[1]Final release1.00a / August 30, 1995 (1995-08-30)[1] Operating systemWindows 3.1, Windows 95, Windows 98, Windows Me, Windows XP[2]TypeGUILicenseProprietary Microsoft Bob was a Microsoft software product intended to provide a more user-friendly interface for the Windows 3.1x, Windows 95 and Windows NT operating systems...
For other uses, see Pazuzu (disambiguation). Fictional character in The Exorcist horror novels and film series This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Pazuzu The Exorcist – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (January 2018) (Learn how and when to remove this template message) Fictional c...
Syrian military leader and politician (1909–1964) This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Adib Shishakli – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (September 2023) (Learn how and when to remove this template message) Adib Shishakliأديب الشيشكليPresident of Syria (military rule)In of...
KSCDCTypePublic Sector CorporationIndustryCashew ProductsFoundedJuly 1969by P. RavindranHeadquartersMundakkal, Kollam, KeralaArea servedKeralaKey peopleS. Jayamohan ChairmanK Sunil John managing directorB Sujeendran Director[1]RevenueRs. 2.50 billionNumber of employees1500Websitecashewcorporation.com The Kerala State Cashew Development Corporation Limited or KSCDC is a model employer in the field of cashew industry mainly to protect the interest of workers and to provide maximum ...
Scottish politician For other people named Henry Craik, see Henry Craik (disambiguation). Sir Henry Craik, 1st Baronet, KCB, PC (18 October 1846 – 16 March 1927)[1] was a Scottish Unionist politician. He was appointed as a junior examiner of the Committee of Council on Education in 1871 and promoted, in 1878, to the position of Senior examiner until 1885. In this year Scotland got an independent Committee of Council on Education known as the Scotch Education Department. Crai...
This article does not cite any sources. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Karinainen – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (December 2009) (Learn how and when to remove this template message) Coat of arms of Karinainen Karinainen is a former municipality of Finland. It was merged to Pöytyä in the beginning of 2005. It was located in the prov...
Artykuł 50°32′19″N 21°29′50″E - błąd 39 m WD 50°36'N, 21°29'E - błąd 19682 m Odległość 347 m Zawidza wieś Państwo Polska Województwo świętokrzyskie Powiat sandomierski Gmina Łoniów Liczba ludności (2011) 115[1][2] Strefa numeracyjna 15 Kod pocztowy 27-670[3] Tablice rejestracyjne TSA SIMC 0798357[4] Położenie na mapie gminy ŁoniówZawidza Położenie na mapie PolskiZawidza Położenie na mapie województwa świętokrzyskiegoZawidza Poło...
Drs. H.Irwansyah Kasim Daeng MaralaWakil Ketua II DPRD Kabupaten MarosMasa jabatan2014 – 31 Januari 2015PendahuluH. Sudirman, S.E.PenggantiH. Muhammad Yusuf Damang, S.Sos. Informasi pribadiLahir(1955-10-01)1 Oktober 1955Wajo, Sulawesi SelatanMeninggal31 Januari 2015(2015-01-31) (umur 59)Kota Makassar, Sulawesi Selatan, IndonesiaPartai politik Golkar (1982-1992) Gerindra (2011-2015)Suami/istriInce Nurlinda SariHubunganIr. Iriantosyah Kasim DM, M.Si (adik)I...
Plane crash in the Democratic Republic of the Congo 2019 Busy Bee Congo Dornier 228 crashThe aircraft involved in the accident, with a previous operatorAccidentDate24 November 2019SummaryCrashed shortly after take off due to engine failure; under investigationSiteGoma International Airport, Goma, Democratic Republic of the Congo 1°40′53″S 29°14′22″E / 1.68139°S 29.23944°E / -1.68139; 29.23944Total fatalities26 (20 on airplane, 6 on ground)Total injuries1 (o...
This biography of a living person needs additional citations for verification. Please help by adding reliable sources. Contentious material about living persons that is unsourced or poorly sourced must be removed immediately from the article and its talk page, especially if potentially libelous.Find sources: Willie Maldonado – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (July 2011) (Learn how and when to remove this template message) In this Spanish na...
Roman term for a fortified military base This article is about the Latin term. For the star system, see Epsilon Capricorni. For the fictional character, see Castra (Death Parade). Templeborough Roman fort in South Yorkshire visualised 3D flythrough, produced for Rotherham Museums and Archives Part of a series on theMilitary of ancient Rome 753 BC – AD 476 Structural history Army Unit types and ranks Decorations and punishments Legions Auxilia Generals Navy Fleets Admirals Campaign history W...
Para la salsa de tomate, véase Kétchup. Las Ketchup Datos generalesOrigen Córdoba (España)Información artísticaGénero(s) PopPeríodo de actividad 2002 - presenteDiscográfica(s) Shaketown-SKT MusicWarner MusicSony BMGArtistas relacionados Azúcar Moreno Camela Son de Sol Las GrecasMiembros Lucía Muñoz (2002- presente) Lola Muñoz (2002 - presente) Pilar Muñoz (2002 - presente)Exmiembros Rocío Muñoz (2003 - 2018)[editar datos en Wikidata]Las Ketchup es un grupo ...