Namnet på epoken er etter Vår- og haustannalane, ei krønike for perioden som etter tradisjonen vart fortfatta av Konfutse.
Under vår- og haustannaltida vart det fleire og samtidige herskarar i Zhou-riket. Tidsalderen var prega av mange større og mindre krigar, og omkring 170 mindre rike vart erobra av større rike. Adelen mista makt, noko som førte til at mange fleire menneske lærde seg lese. I kjølvatnet av veksten i boklærde kom viktige tekniske landevinningar.
Tidsalderen som kom etter vår- og haustannaltida vert kalla krigarrika-tida.