University of Queensland

University of Queensland

MottoBy means of knowledge and hard work
Grunnlagt1909
StadBrisbane
Studentar48 771 (2012)
MedlemskapORCID, arXiv
Nettstadhttps://www.uq.edu.au (engelsk)
Kart
University of Queensland
27°29′50″S 153°00′47″E / 27.497222222222°S 153.01305555556°E / -27.497222222222; 153.01305555556

University of Queensland (UQ) er eit universitet med hovudsete i Brisbane i Australia og er det eldste universitetet i delstaten Queensland. UQ er medlem av Australias «Group of Eight»-universitet og dessutan medlem av den internasjonale Universitas 21-organisasjonen.

Universitetet blei skipa 10. desember 1909. I 1930 kjøpte ein området St. Lucia ved Brisbaneelva og etablerte hovudsetet der. Det opphavlege universitetsområdet i sentrum av Brisbane er no eit universitetsområde for Queensland University of Technology. I tillegg til å ha tilhald i Brisbane, har UQ òg etablert seg andre stadar. Dette er UQ Ipswich og UQ Gatton.

Koronavirus-vaksinearbeid

Den 7. september 2020 inngjekk universitetet og CSL Limited ein samarbeidsavtale med dei australske styresmaktene om sin koronavirus-vaksinekandidat V451.[1][2]

Kjelder

  1. «CSL to manufacture and supply University of Queensland and Oxford University vaccine candidates for Australia». www.csl.com (på engelsk). 7. september 2020. Henta 7. september 2020. 
  2. «Australia secures onshore manufacturing agreements for two COVID-19 vaccines | Prime Minister of Australia». www.pm.gov.au. 7. september 2020. Arkivert frå originalen 7. september 2020. Henta 7. september 2020. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: University of Queensland

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!