UEFA-cupfinalen i fotball 1997 stod mellom tyske Schalke 04 frå Gelsenkirchen og italienske FC Inter frå Milano og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 7. mai på Parkstadion i Gelsenkichen med 56 824 på tribunane, returkampen vart avvikla 21. mai på San Siro i Milano framfor 81 675 tilskodarar. Finalen enda med 1-1 etter all ordinær tid var ute og vart avgjort med straffesparktevling. Her mislukkast to av tre Inter-eksekutørar, så då Marc Wilmots sette inn Schalke 04 si fjerde strake straffe, hamna pokalen i Tyskland.
Kampane
I Gelsenkirchen vann heimelaget 1-0 etter ei skåring frå Marc Wilmots i det 70. minutt.
Også i Milano stod det 1-0 til heimelaget ved full tid, 120 spelte minuttar, gjennom Iván Zamorano sin fulltreffar i det 84. minutt. I straffeskytinga var Schalke-spelarane sikre frå 11-meteren; etter tur plasserte Anderbrügge, Thon, Max og Wilmots ballen i mål bak Inter-målvakta og sikra tysk siger med 4-1 på straffene, totalt 5-2.