Namnet Hazrat-e Turkestan tyder «den heilage av Turkestan» og refererer til Khoja Ahmad Yasavi, den store Sufi-sjeiken av Turkestan, som vart fødd her på 1000-talet og er gravlagd i byen. Under hans regjeringstid vart byen eit viktig utdanningssenter for folket på dei kasakhstanske steppene. I 1390-åra reiste Timur eit stort mausoleum kalla Mazar.
Soge
Turkestan er ein av dei mest historiske byane i Kasakhstan med arkeologiske funn som går tilbake til 300-talet. Kinesarane kalla staden Beitian og seinare vart han kalla Yasi eller Sjavgar fram til 1500-talet då han var eit viktig handelssenter.
Framleis kjem mange pilegrimar til byen. Ifølgje ei lokal segn skal visstnok tre pilegrimsreiser til Turkestan vere like bra som ein hajj til Mekka, men dette er ikkje eit syn som resten av den muslimske verda deler. Helgenen vart rekna som så heilag at byen vart kjend som «det andre Mekka i austen», og er særs viktig for muslimar i Kasakhstan.
Gjennom historia har Turkestan vore ein grenseby og ligg i utkanten av den persisk-islamske oasekulturenTransoksiana i sør og dei turkisk-mongolske steppenomadane i nord. Derfor har han til tider vore eit viktig kasakhstansk politisk senter, og til andre tider under usbekiske khanatar lenger sør sin kontroll.
I dag har Turkestan opp under 100 000 innbyggjarar og dei fleste er etniske usbekarar. På 10 år på slutten av 1900-talet steig innbyggjartalet med 10 % og han var den kastakhstanske byen som voks raskast etter den nye hovudstaden Astana.
Ein kan nå Turkestan med tog frå Almaty, ei reise som tar nesten 20 timar. Bilturen frå den næraste flyplassen i Tsjimkent tar om lag to timar.