Tropojë er ein landsby og ein kommune i regionen Kukës i Albania. Kommunen ligg langt nord i landet og grensar i vest til regionen Shkodër, i nordaust til nabolandet Kosovo og i nord til Montenegro.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Bajram Curri vart slått saman med landkommunane Fierzë, Lekbibaj, Margegaj, Llugaj, Bujan, Bytyç og Tropojë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Bajram Curri.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande landkommunen 4 117 innbyggjarar, medan dei åtte kommunane som i dag utgjer storkommunen Kukës, til saman hadde 20 517 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Tropojë.[3] Den dåverande landkommunen omfatta sjølve byen Korçë og busetnadene:[2]
- Astë
- Kojel
- Viçidol
- Kasaj
- Gegaj
- Buçaj
- Papaj
- Sopot
- Babinë
- Begaj
- Shumice-Ahmetaj
- Myhejan
- Kovaç
- Kërrnajë
- Shkëlzen
Referansar