Albumet vart gjeve ut på ny i 2003 med åtte bonusspor av Repertoire Records.
I følgje Richie Unterberger i Allmusic så var albumet prega av å vere gjort i all hast, der «både dei originale songane og coverversjonane ikkje var på høgda».[2] Bandet hadde ikkje nok gode originale songar, og var avhengig av andre låtskrivarar for å få fullt opp eit heilt album. «Heile albumet er tamt i forhold dei beste klassikarane deira».[2]