Tortolì ligg på austkysten av Sardinia. Hamna og den største tettstaden i kommunen er Arbatax, som òg har flysamband til det italienske fastlandet og resten av Europa. I nord ligg Girasole og Lotzorai, i vest Villagrande Strisaili og Ilbono, og i sør Barisardo. Aust for byen ligg Middelhavet.
I 1807 vart Tortolì sete i ein provins med 27 landsbyar, men i 1921 mista han denne statusen til Lanusei. I 1859 vart han innlemma i provinsen Cagliari og i 1926 vart han ein del av provinsen Nuoro. Tortolì var provinshovudstad i Ogliastra, i lag med Lanusei, fram til provinsen vart avskaffa i 2016.
I 1943, under den andre verdskrigen, vart hamna i Arbatax bombardert og 13 menneske mista livet.