Torre del Greco (it. 'det greske tårnet') er ein by i provinsen Napoli i regionenCampania i Italia og har om lag 90 000 innbyggjarar. Folket i byen snakkar ein spesiell dialekt kalla torrese, og stundom corallini.
Greske og spanske tradisjonar har påverka kulturen i byen.
Torrese
Torrese er ein dialekt som er mykje påverka av greske og spanske ord og som vert rekna som uforståeleg for folk i Nord-Italia. Ordet for 'jente' i torrese er til dømes guagliona og for 'gut' guaglione. Dei tilsvarande italienske orda for gut og jente er ragazzo og ragazza. Begge torrese-orda kjem frå det gamle greske ordet for gut og jente som ein finn på den greske øya Rhodos, som dei napolitanske grekarane kom frå.
Folk frå Torre del Greco
Gino D'Acampo (f. 1976), kokk, programleiar på fjernsyn