Torbjørn Hornklove (norrøntÞórbjǫrn hornklofi) var ein norskskald som var aktiv på slutten 800-talet. Fødeår og fødestad er ikkje kjent, heller ikkje når han døydde.
I Fagerskinna[2] blir han kalla berre «Hornklove» og der står det at han han var ein gamal ven av kong Harald Hårfagre og hadde vore i hirda hans alt frå barneåra. Snorre har sitert dikt av han i soga om Harald Hårfagre. I Egilssoga[3] er han nemnt som ein av skaldane hos Harald Hårfagre, og der blir det fortalt at han hadde setet sitt i det andre høgsetet[Note 1], mellom skaldane Audun Illskælda og Olve Nuva. I den historisk usikre forteljinga «Soga om kong Harald Hårfagre sine skaldar»[4] er det nemnt at han skal ha vore ein frende av hovdingen Rolv Nevja[Note 2] på Opplanda. I dei norrøne sogene er ikkje fortalt noko meir om livet og lagnaden til Torbjørn Hornklove.
Farsnamnet (patronymikon) hans er ikkje kjent. I sogelitteraturen er Torbjørn omtala berre med tilnamnet «hornklove» og ein kjenner ikkje til bakgrunnen for namnet. Tydinga av sjølve ordet hornklofi er usikker, men er oftast omsett til «hornkløyvar». I Edda er hornklofi nemnt som ein av kenningane for «ramn».
Skaldskap
Det er noko uvisst kva strofer som i røynda er gjort av han, men ein kjenner til to diktverk som vanlegvis blir tillagt Torbjørn Hornklove: Glymdråpa[5] der han diktar om kampar som Harald Hårfagre hadde i Noreg og «syd for havet» (fyr haf sunnan) som må vise til Skotland og øyane i vest. Haraldskvedet[6], òg kalla «Ramnsmål» (Hrafnsmál), byrjar med skildring av slaget ved Hafrsfjord og fortel til slutt om livet ved kong Harald si hird (i Haralds túni).
Eit vers av ei lausavise[7] er òg kjent, men tydinga av diktet er usikker og det er uvisst om Torbjørn Hornklove er forfattaren.
Notar
↑Det ringare høgsetet, andsynes setet der kongen sat.