Tomas Colin Archer (fødd 31. august 1952 i Larvik) er ein norsk generalløytnant. Han har hatt ei rekkje stillingar i Forsvaret og har fått fleire utmerkingar for leiarskapen sin. Archer er uteksaminert frå Flygeskulen (1971), Luftkrigsskulen (1977), Luftforsvarets stabsskule I og II (1984), hovudkurset på Forsvarets høgskule (1996) og Royal College of Defence Studies (1999).
Tomas Colin Archer arbeidde som generalinspektøren for Luftforsvaret (GIL) i åra 2000–2004.[1] I jobben som GIL vann Archer i 2003 ein internasjonal pris for resultata han oppnådde med leiingsverktøyet balansert målstyring (BM).[2] Etter perioden som GIL overtok han som øvste sjef for Fellesoperativt hovudkvarter (FOHK).
Tomas Colin Archer har også fått andre utmerkingar for leiareigenskapane sine i Forsvaret. Han vart tildelt «Årets likestillingspris 2002» og fekk også utmerkinga som «Årets leiar i staten 1998».[2] Den siste fekk han som sjef for Bodø hovudflystasjon i åra 1996–1999. Archer har tidlegare også hatt jobben som sjef for jagarflyskvadronen 334-skvadronen (1984–1989).
26. januar 2006 overtok Archer jobben som generalsekretær i Flyktningehjelpen. Denne jobben hadde han fram til 1. januar 2008. Sidan januar 2008 har han vore styreleiar i stiftinga Norsk Luftfartsmuseum og Norsk Luftfartssenter Bodø a/s. Tomas Colin Archer er også medlem av Utvalet for tryggleik, nedrusting og internasjonale spørsmål og Fagleg råd for statleg leiarskap.[3]
Tomas Colin Archer er oldebarn av den kjende skipsbyggjaren Colin Archer.[3] Archer er oppvoksen i Stavern, men bur i Moss, er gift med Kari Archer og har to ungar. Ved kommunevalet i 2007 vart han vald inn i kommunestyret i Moss for Arbeidarpartiet, og sidan 2008 har han vore leiar for Moss Ap.[4]
Kjelder
- Knut Olav Åmås [red.]: «Archer, Tomas Colin» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)
Fotnotar