Kommunen har ei flatevidd på over 1100 km², men har færre enn 1700 innbyggjarar. 2,4 % av arealet er dyrka mark, medan 2/3 av arealet er snaufjell. Nærare 20 % av arealet i kommunen er verna, og Forollhogna nasjonalpark, som delvis ligg i kommunen, er størst og mest kjend.
Geografi
Tolga ligg langs Glåma, som renn gjennom hovuddalføret i kommunen. Grendene søraust for Glåma ligger langs Holavassdraget som renner ut i Trysilelva via Isteren.
Klima
Tolga har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar og relativt kjølige somrar grunna høgda si over havet. Det er ganske store skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdier for perioden 1961−1990 er gjeven i tabellen nedenfor.
1. januar 1911 vart det gjennomført grensejusteringar i Tolga, Trysil, Ytre- og Øvre Rendal kommunar for å opprette Engerdal kommune. Eit område med 201 innbyggjarar frå Tolga vart overført til den nye kommunen.
I 1926 vart Tolga delt og Os skild ut som eigen kommune. Etter delinga hadde Tolga 1 917 innbyggjarar.
1. januar 1966 vart Tolga og Os kommunar slegne saman til den nye Tolga-Os kommune. Tolga hadde ved samanslåinga 1 944 innbyggjarar.
1. januar 1976 vart Tolga-Os delt på nytt i Tolga og Os. Tolga kommune hadde eit innbyggjartal på 1 865 etter delinga. Kommunen høyrde til Hedmark fylke fram til fylkessamanslåinga i 2020, då Hedmark blei del av Innlandet fylke.
Næringsliv og kommunikasjon
Næringslivet er hovudsakleg orientert rundt landbruk. Tradisjonelt har landbruket i kommunen vore dominert av mjølkeku og sau, og det er framleis ca. 90 leverandørar av kumjølk i kommunen. Kyllingproduksjon har fått eit stort oppsving i nyare tid, og det er no ca. 10 kyllingprodusentar i kommunen.
Tolga-Os Sparebank er saman med Grue Sparebank dei eneste gjenverande lokalbankene i Hedmark. Banken har hovudkontor på Tolga, avdelingar på Os, Tynset og Elverum. Filialane i Vingelen og Dalsbygda blei lagt ned i 2008.[2]
TINE Meieriet Øst hadde eit av meierianlegga sine like sør for sentrum. Produksjonen var blant anna smør, fløyteblanding for iskrem, syrekasein og løypekasein. Meieribygget er moderne, og blei bygd på 1990-talet. I 2008 valde TINE likevel å leggja ned meieriet. Staur Foods AS driv i dag blant anna pizzaproduksjon i dei gamle meierilokala.
Kommunevåpenet er utforma slik: Tolga kommunes våpen blir: I rødt ei gull klokke. Tolga kommunes flagg blir: I rødt ei gul klokke. Motivet er klokka frå den gamle smeltehytta på Tolga, og er teikna av Jarle Skuseth. Det blei godkjent i 1989.
Museum
I sentrum ligg Dølmotunet gardsmuseum, eit komplett gammalt gardsbruk med mange bygningar som er fylt med aktivitetar, dyr og budeier på sommarstid. Sætersgårds Samlinger ligg i lokala til Tolga skole, og inneheld lokale gjenstandar frå steinalderen til 1800-talet.
I Rausjødalen søraust i kommunen ligg Rausjødalen Setermeieri frå 1856, som var det første samverkemeieriet i Noreg.
I Vingelen ligger Vingelen kirke- og skolemuseum, med vekt på skole- og kyrkjehistorie. Det ligg også ei gammal østerdalsstue ved museet. Ho er frå 1697, og har sist vore brukt som diktarstove for Eystein Eggen.
Hangar 10 (H-10) i sentrum har ei stor utstilling av gjenstandar/fragment som viser fly og militærhistorie i Østerdalen/Fjellregionen.