Tobolsk (russisk Тобо́льск, tatarskTubıl) er ein historisk hovudstad for Sibir og i dag ein vanleg by i Tjumen oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg der elvane Tobol og Irtysj renn saman.
Historie
Tobolsk vart grunnlagt av Jermak sine kosakkar i 1585–1586 under den første russiske framstøyten inn i Sibir nær ruinane etter hovudstaden til Sibir-khanatet, Qashliq. Han vart sete for viseregenten av Sibir og blømde opp på grunn av handel med Kina og Bukhara. Det var der den første skulen, teateret og avisa i Sibir vart oppretta. I The Further Adventures of Robinson Crusoe let forfattaren Daniel Defoe helten sin Robinson Crusoe opphalde seg i Tobolsk frå september 1703 til juni 1704.
Etter at territoriet vart administrativt oppdelt vart Tobolsk sete for generalguvernøren i Vest-Sibir heilt til det vart flytta til Omsk i 1820–1830. Mange sibirske byar hadde Tobolsk sitt våpen som ein del av sine opphavlege byvåpen, mellom andre Omsk, Tjumen og Tomsk og Omsk har framleis dette byvåpenet i dag.
Økonomien i dagens Tobolsk er sentrert rundt eit stort oljeraffineri. Enkelte tradisjonelle handverk, slik som utskjering i bein, er bevart.
Attraksjonar
Tobolsk er den einaste byen i Sibir som har ein godt bevart stein-kreml, eller byfestning, bygt ved overgangen frå 1600- til 1700-talet. Dei kvite murane og tårna med ei samling av kyrkjer og palassliknande bygningar ligg flott til på ei høg elvebredd og vart erklært som ein nasjonal historisk og arkitektonisk skatt alt i 1870.
Dei viktigaste monumenta i kreml er St. Sofiakatedralen (1683–1686), ein overbygd marknadsplass (1703–1705), eit bispepalass (1773–1775) (no eit museum for lokalkunnskap) og det såkalla Svenskekammeret, med seks barokkhallar (1713–1716). Byen har nokre merkverdige barokke og nyklassisistiske kyrkjer frå 1700- og 1800-talet. Merkverdige er òg eit granittmonument til Jermak, bygt etter eit utkast av Aleksander Brullov i 1839.
Området rundt byen er rikt på forhistoriske kurganar og heidenske heilagdomar. Enkelte av desse daterer seg tilbake til rundt 1000 f.kr.