Tirol er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Innsbruck. Tirol har eit areal på 12 647 km² og eit folketal på omtrent 760 000. Området ligg vest i Austerrike, i den austlege delen av Alpane, og grensar til Tyskland i nord og Italia og Sveits i sør.
Før den første verdskrigen var Tirol eit grevskap under det austerrikske keisarriket. Ved oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 overtok Italia den sørlege delen av grevskapet, som i dag utgjer den italienske autonome provinsen Sør-Tyrol.
Hovudstaden Innsbruck ligg sentralt i Inndalen og delar Nord-Tirol i Tiroler Oberland (vest for Innsbruck) og Tiroler Unterland (aust for Innsbruck). Heilt i vest, ved overgangen til Vorarlberg, ligg fjellkjedene Verwallfjella og Silvretta. Heilt i aust, ved overgangen til Salzburg, ligg Kaiserfjellet og Kitzbühelalpane. Aust-Tirol er elles gjennomtrekt av Isel- og Draudalane og ein del av dei karniske alpane ligg også der.
Forvaltning
Forbundslandet Tirol er delt inn i ni ulike distrikt (Bezirke):