Timebomb av Kylie Minogue

Timebomb
Single av Kylie Minogue
Utgjeve 25. mai 2012
Innspelt 2012
Sjanger Synthpop, house
Lengd 2:57 (singleversjon)
4:31 (extended version)
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Karen Poole
Matt Schwartz
Paul Harris
Produsent Matt Schwartz
Paul Harris
Kylie Minogue-kronologi 
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)»
(2011)
Timebomb «Flower»
(2012)


«Timebomb» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue, skrive av Karen Poole, Matt Schwartz og Paul Harris, utgjeve som ein del av K25 feiringa, til minne om 25 år av karrieren hennar i musikkbransjen. Songen vart utgjeve den 25. mai 2012 av Parlophone, tre dagar før den 44. fødselsdag til Minogue.

Informasjon

I slutten av 2011 uttalte Minogue at ho ville bli feire K25, årsdagen for Minogue å ha tilbrakt 25 år i musikk. I mars 2012 annonserte ho byrja turneen hennar, Anti Tour, ein serie av konsertar med B-sider. I byrjinga av 2012 annonserte Minogue ho ville gje ut eit samlealbum som ho ville spele inn akustisk til årsdagen. Etter dette kunngjorde Minogue utgjevinga av hennar samlealbum The Best of Kylie Minogue.[1] I mai 2012 kunngjorde Herald Sun at Minogue ville gje ut ein singel med tittelen «Timebomb».

Komposisjon

«Timebomb» er ein dansepopsong, som òg inkluderer element av synthpop, house og nu-disco. Songen har òg likskapar med songen hennar «Cherry Bomb» frå 2007.[2] Songen vart skriven av Karen Poole, Matt Schwartz og Paul Harris.

Listeplasseringar

I Storbritannia nådde songen nummer 31 på UK Singles Chart etter to dagar med sal og selde over 10.000 eksemplar. Songen har opphalde seg på den posisjonen i to veker.[3] I Europa nådde songen nummer førtifire i Nederland og nummer tjueseks i Irland. «Timebomb» nådde nummer elleve i Finland og nummer 61 i Austerrike. I Belgia nådde songen nummer 43 i Flandern og nummer 49 i Vallonia. I Australia nådde songen nummer tolv på hitlistene. Men songen nådde førsteplass på den australske danseliste. I New Zealand nådde songen nummer trettitre på hitlistene.

Sporliste

Digital download
  1. «Timebomb» – 2:57
  2. «Timebomb» (Music Video) – 3:36
CD single
  1. «Timebomb» – 2:57
  2. «Timebomb» (Extended Version) – 4:30
  3. «Timebomb» (Music Video) – 3:36
Digital remix EP
  1. «Timebomb» (Extended Version) – 4:30
  2. «Timebomb» (Peter Rauhofer Remix) – 8:00
  3. «Timebomb» (DADA Remix) – 6:30
  4. «Timebomb» (Steve Redant & Phil Romano Remix) – 7:04
  5. «Timebomb» (Style of Eye Remix) – 6:31
  6. «Timebomb» (Italia3 Remix) – 6:00

Topplisteplasseringar

Toppliste (2012) Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 12
Australia (ARIA Dance Charts) 1
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) 61
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 43
Belgia (Ultratop 40 Vallonia) 49
Canada (Canadian Hot 100) 49
Finland (Suomen virallinen lista) 11
Frankrike (SNEP) 46
Irland (Irish Singles Chart) 26
Japan (Japan Hot 100) 40
Nederland (Dutch Top 40) 44
New Zealand (RIANZ) 33
Skottland (UK Singles Chart) 33
Spania (PROMUSICAE) 20
Storbritannia (UK Singles Chart) 31

Kjelder

  1. Caulfield, Keith (4. mai 2012). «New Kylie Minogue Greatest Hits Album Due in June». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 25. mai 2012. 
  2. «Kylie Minogue's new single 'Time Bomb' - listen to preview - Music News». Digital Spy. Henta 25. mai 2012. 
  3. «Official Charts analysis: UK album sales continue to drop». Music Week. 28. mai 2012. Henta 28. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!