Tim Berners-Lee voks opp i East Sheen i London.[1] Foreldra, Mary (fødd Lee Woods) og Conway Berners-Lee, var begge datapionerar som arbeidde med maskinen Ferranti Mark I.
Berners-Lee studerte fysikk ved Queen's College ved Universitetet i Oxford frå 1973 to 1976, og gjekk ut med ei bachelorgrad med beste karakter (first). Etter å ha blitt forvist frå universitetet sin datamaskin for hacking bygde han sin eigen datamaskin ved hjelp av eit gammalt fjernsyn, loddebolt, TTL-portar og ein M6800-prosessor.
Etter universitetet busette Berners-Lee seg i Poole og arbeidde ved telekomfabrikanten Plessey Telecommunications som programmerar. Etter to år der gjekk han over til D.G Nash, eit selskap drive av vennar, som han utvikla programvare og operativsystem for. Frå 1981 til 1984 var Berners-Lee tilsett ved engelske Image Computer Systems.
Veving av data
Rundt 1980 jobba Tim Berners-Lee som sjølvstendig dataingeniør, mellom anna ved CERN i Genève. Medan han var her skreiv han programmet Enquire (namngjeve etter Enquire Within Upon Everything) som band saman ulike data ved hjelp av hyperlinkar.
Berners-Lee fekk ei vitskapleg stilling ved CERN i 1984. Her arbeidde han med system for å innhenta vitskaplege data og kontrollsystem. Viktigast for ettertida var det likevel at han føreslo ein verdsvev i 1989 og to år seinare hadde vidareført ideane frå Enquire til å laga den første nettlesaren, World Wide Web, og vevtenaren httpd. Verdas første vevside blei offentleg tilgjengeleg på nettaddressen info.cern.ch den 6. august1991. Her forklarte Berners-Lee kva «World Wide Web» var og korleis ein kunne bruka det, ved hjelp av hypertekst, vevtenarar og nettsøk.
Berners-Lee fortsette å utvikla verdsveven, som gradvis voks seg større på Internett. Dei opphavlege retningslinene for URL, HTTP og HTML brukte på nettet blei finstemde etterkvart som det kom fleire brukarar.
I 1994 blei Tim Berners-Lee tilsett ved Laboratory for Computer Science (LCS) ved Massachusetts Institute of Technology (MIT), og grunnla World Wide Web Consortium (W3C). Organisasjonen av ulike selskap hadde som føremål å skapa standarder og tilrådingar for å betra veven. Lik ideen til Berners-Lee skulle standardene knyta seg til teknologi som ikkje var råka av patent eller krav om vederlag. Som leiar for W3C har Berners-Lee har vore ein forkjempar for saker som nettnøytralitet, at alle brukarar og leverandørar på verdsveven skal ha lik tilgang til nettverket utan forskjellsbehandling, og utvikling av ein «semantisk vev» (Semantic Web) som knyter data betre saman. Berners-Lee var også med på å danna Web Science Research Initiative, no Web Science Trust, i 2006, og har vore leiar der sidan grunnlegginga. Han har også arbeidd for å gjera data tilgjengelege på verdsveven, til dømes gjennom nettstaden data.gov.uk.
I 1999 blei Berners-Lee den første til å halda 3Com Founders-professoratet ved MIT. I 2004 blei han også tilsett som professor ved Universitetet i Southampton.
Familie
Berners-Lee har vore gift to gonger. Kona Jane var ein medstudent i Oxford. Dei blei seinare skilde.
Han møtte den andre kona si, Nancy Carlson, i Genève og gifta seg med henne i 1990. Dei har to barn.
Prisar og utmerkingar
I 1999 blei Berners-Lee nemnd som ein av dei 100 personane som hadde hatt mest påverknad på 1900-talet av Time magazine.
Berners-Lee blei utnemnd til offiser av Order of the British Empire i 1997, og blei adla som riddar-kommandør i 2004, med tittelen Sir Tim Berners-Lee. Han har også fått Order of Merit.
Den 4. april 2017 blei han utnemnd som mottakar av Turing-prisen «for å ha funne opp verdsveven, den første nettlesaren, og for å ha utvikla dei grunnleggande protokollane og algoritmane som trengst for å skalere internett».[3][4][5]
Prisar
Berners-Lee har også fått ei rekkje prisar for oppfinninga si:
Berners-Lee, Tim; Mark Fischetti (1999), Weaving the Web: The Past, Present and Future of the World Wide Web by its Inventor, Britain: Orion Business, ISBN0-7528-2090-7
Berners-Lee, Tim; Hendler, James; Lassila, Ora (17 May 2001), «The Semantic Web», Scientific American CS1 maint: Date and year (link)
Kjelder
↑Daniel S. Morrow (23 April 2001). «Tim Berners-Lee Oral History»(PDF). ComputerWorld Honors Program International Archives. Henta 9 October 2012.