«Thunderstruck» (engelsk for Mållaus) er ein song av Erlend Bratland.[1] Songen er skriven av Joy Deb, Linnéa Deb og Erlend Bratland.[1] 21. januar 2015 vart ein del av songen offentleggjort av Norsk rikskringkasting i ein presentasjonsvideo på 15 sekundar, laga i samband med Melodi Grand Prix 2015.[1]
Eurovision
Melodi Grand Prix 2015
21. januar 2015 vart «Thunderstruck» presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2015, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[1] Songen vart framført på engelsk av Erlend Bratland med Kringkastingsorkesteret.[1][2] Bidraget vart mellom dei fire beste i finalen, og gjekk vidare til gullfinalen der det enda på andreplass.[3]
Fotnotar