«This Time» (norsk 'denne gongen') er ein song frå 2015 med Monika Linkytė og Vaidas Baumila. Songen vann den litauiske songtevlinga "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2015 i Wien.[1]
Om sangen
«This Time» er skriven av Vytautas Bikus og Monika Liubinaitė.[2] Songen blei plukka ut til å delta i songtevlinga til den litauiske kringkastaren LRT televizija Eurovizijos dainų konkurso nacionalinė atranka.[3][4][5] Etter fleire innleiande runder og semifinalar tok songen seg til finalen 21. februar 2015. Der vann han og blei dimed det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2015.[6][7]
Eurovision Song Contest
I januar 2015 blei Litauen trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest.[8] Semifinalen ble arrangert i Wiener Stadthalle i Austerrike torsdag 11. mai, og Litauen hadde startnummer 1.[9] «This Time» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai. I finalen blei songen nummer 18 av 27 bidrag.[10][11]
Kjelder