«This Is Tomorrow» er ein song av Bryan Ferry, tidlegare solovokalist i Roxy Music. Han kom ut i 1977 som den første singelen frå In Your Mind, det fjerde soloalbumet hans. Det var den tiande singelen til Ferry. B-sida var «As the World Turns», som ikkje var med på albumet. Songen nådde niandeplassen på den britiske singellista og låg ni veker inne på lista.[1]
Bakgrunn
Tittelen «This Is Tomorrow» var inspirert av ei popkunst-utstilling i Whitechapel Art Gallery i London, med Richard Hamilton, som hadde vore lærar for Ferry på Newcastle University.[2]
Medverkande
Kjelder
|
---|
|
Soloalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Singlar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|