«This Is My Life» (norsk omsetjing ‘dette er livet mitt’) er ein svensk popballade frå 2010, skriven av Bobby Ljunggren og Kristian Lagerström, og framført av Anna Bergendahl. Songen vann svenske Melodifestivalen i 2010 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest same år i Telenor Arena. Der blei «This Is My Life» slått ut i semifinalen, og Sverige missa finalen for fyrste og førebels einaste gong i historia til Eurovision Song Contest.
Bakgrunn
«This Is My Life» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2010 og var komponert av Bobby Ljunggren med tekst av Kristian Lagerström. Ljunggren var ein erfaren bidragsytar til svenske Melodifestivalen, og hadde vunne tevlinga fire gongar tidlegare: i 1995 med «Se på mig», 1998 med «Kärleken är», 2006 «Evighet» og 2008 «Hero». Til å framføre låten hadde duoen og SVT plukka ut 18 år gamle Anna Bergendahl, som hadde blitt nummer fem i svensk Idol to år tidlegare.
«This Is My Life» deltok i den fjerde delfinalen i Malmö laurdag 27. februar 2010. Der vann han og kvalifiserte seg til finalen i Globen i Stockholm laurdag 13. mars 2010. I Globen var songen det niande og nest siste bidraget ut på scena. Etter juryavrøystinga låg han på ein andreplass, bak Salem Al Fakir med «Keep On Walking», men Bergendahl var favoritt hos sjåarane og tok sigeren framfor Salem Al Fakir på andreplass, og Eric Saade og «Manboy» på tredje. Saade skulle vinne Melodifestivalen året etter.[2] Programleiaren Måns Zelmerlöw skulle vinne Eurovision Song Contest 2015.
Eurovision Song Contest
Med sigeren i Melodifestivalen blei «This Is My Life» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2010 i Telenor Arena på Fornebu i Noreg. Dette var også det 50. bidraget til Sverige i Eurovision Song Contest, etter å ha debutert i 1958 og stått over finalane i 1964, 1970 og 1976.
På Fornebu deltok Sverige i den andre semifinalen torsdag 27. mai. Som i den svenske finalen stilte Bergendahl med kassegitar, kort, kvitt strutteskjørt med svarte tights under og med låge Converse-sko. Publikum bidrog også i nummeret med å veive med raude ljosstavar som den svenske delegasjonen hadde betalt for og delt ut like før sendinga. Den svenske delegasjonen var på førehand bekymra for at publikum ikkje ville følgje oppfordringa om å bruke ljosstavane, men under framføringa til Bergendahl var Telenor Arena bada i raudt lys frå salen.[3][4][5]
Trass i den stemningsfulle framføringa, fekk «This Is My Life» berre 62 poeng og ein ellevteplass – berre fem poeng bak Kypros på tiandeplass.[6] Sidan det berre var dei ti beste som gjekk vidare til finalen, blei Sverige dimed slått ut av semifinalen – for fyrste og førebels einaste gong i Eurovision-historien. Saman med sisteplassane i 1963 og 1977 er dette den dårlegaste plasseringa til Sverige i tevlinga, og fyrste gong på 34 år at landet ikkje var med i ein finale. Både Danmark og Noreg gav 12 poeng til det svenske bidraget.[7]
Etter utslaget var reaksjonane blanda i Sverige. På førehand hadde pressa og spelselskapa vore i tvil om Sverige ville klare å kvalifisere seg, men sjåarar og fagfolk var likevel skuffa over resultatet.[8][9][10] Resultatet var det fjerde på rad i ei rekkje av svake plasseringar for Sverige, etter at landet blei nummer 18 i 2007, nummer 18 i 2008 og nummer 21 året før.[11]
Utgjeving
«This Is My Life» blei gjeven ut på CD-singel av plateselskapet M&L Records og via digital nedlasting av Lionheart International 2. mars 2010.[12][13]
Sporliste
Spor
Låt
Lengde
1
«This Is My Life»
02:59
Listeplasseringar
Trass i fiaskoen i Eurovision Song Contest, toppa «This Is My Life» den svenske singellista, og nådde ein tredjeplass på Svensktoppen i tillegg til ein fjerdeplass på Trackslistan hos SR P3.[14] Songen nådde også den norske VG-lista.