«This Boy» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles, skriven av John Lennon (og tilskriven Lennon–McCartney). Han kom ut i november 1963 som B-side til den britiske Parlophone-singelen «I Want to Hold Your Hand». Songen finst òg på den amerikanske albumet Meet the Beatles! frå 1964. The Beatles framførte songen live den 16. februar 1964 for den andre framføringa deira på The Ed Sullivan Show.
Komposisjon
Songen var Lennon sitt forsøk på å skrive ein song i same stil som Motown-stjerna Smokey Robinson, særskild songen hans «I've Been Good To You», som har ein liknande doo-wop-akkordsekvens, melodi og arrangement. Melodien og arrangementet har òg somme likskapar til «You Don't Understand Me», ei B-side til ein singel av Bobby Freeman.[6]
Ein instrumental versjon av «This Boy», orkestrert av George Martin, vart nytta som bakgrunnsmusikk under ein scene med Ringo Starr i filmen A Hard Day's Night. Stykket, med tittelen «Ringo's Theme (This Boy)», kom ut på singel, men nådde ikkje salslistene i Storbritannia. Singelen nådde derimot 53. plassen på den amerikanske singellista i 1964.
Innspeling
The Beatles spelte inn «This Boy» den 17. oktober 1963. Same dagen spelte dei inn «I Want To Hold Your Hand» og ein versjon av «You Really Got a Hold On Me». Dei brukte femten forsøk på å spele inn «This Boy» etterfølgd av to overdubbingar. Songen vart spelt in med ein avrunda slutt, men vert tona ut under miksinga den 21. oktober. To av opptaka vart slått saman til det endelege masteropptaket.
Eit konsertopptak av songen frå Two of a Kind i 1963 kom ut på Anthology 1 og to ufullstendige forsøk frå den opphavlege innspelinga vart gjeven ut på singelen «Free as a Bird».
Medverkande
Andre versjonar
Robson & Jerome spelte inn songen det sjølvtitulerte albumet deira frå 1995. Albumet deira låg på toppen av den britiske albumlista, samstundes som The Beatles sitt Anthology 1, som innheld ein versjon av songen, kom ut og gjekk inn på andreplassen..[9]
The Smithereens spelte inn songen i 2007 på albumet deira Meet The Smithereens!
Algernon Cadwallader spelte inn songen på Cover Up - A Covers Compilation av Biff Swenson.[10]
Kjelder