The Tokens var ei amerikansk doo wop-gruppe som blei etablert i Brooklyn1955. Gruppa var samansett av Hank Medress, Neil Sedaka, brørne Mitch og Phil Margo i tillegg til Jay Siegel. Den største hiten fekk gruppa i 1961 med versjonen av den opphavlege sørafrikanske songen The Lion Sleeps Tonight. Dei heldt fram som aktiv gruppe resten av 1960-talet men makta aldri å nå opp til suksessen dei hadde hatt med The Lion Sleeps Tonight. Gruppa verka òg som musikkprodusentar for andra artistar, til dømes The Chiffons, Randy & the Rainbows og The Happenings.
The Tokens braut opp i byrjinga av 1970-talet. Idag går dei under namnet The Tokens featuring Mitch and Phil Margo eller The Margo Brothers' Tokens og er framleis aktive. Jay Siegel opptrer med sin eigen versjon av The Tokens; Jay Siegel's Tokens.