The Great Spectacular er debutplata til det amerikanske jazzfusionbandetDixie Dregs. Det kom opphavleg ut på vinyl i 1976 og vart berre trykt i tusen eksemplar. Det kom ut på CD første gongen i 1997.
Dixie Dregs utvikla seg frå eit band kalla Dixie Grit i 1970, skipa av Steve Morse (gitar) og Andy West (bass). Både Morse og West studerte musikk ved University of Miami, og her møtte dei Rod Morgenstein (trommer), Alan Sloan (fiolin) og Frank Josephs (klaverinstrument). I 1975 spelte dei inn dette albumet på universitet.