Taupo har eit innbyggjartal på 22 000.[1] I 1953 fekk Taupo offisiell bystatus (borough),[2] men har sidan 1989 vorte administrert av Taupo District Council, og distriktet omfattar både sjølve byen Taupo og tilliggjande landområde.
Namnet «Taupo» kjem frå maoriTaupō-nui-a-Tia. Bokstaveleg omsett tyder det 'Den store kappa til Tia', der Tia er namnet til han som oppdaga innsjøen.
Geografi
Taupo ligg ved utløpet til Tauposjøen, den største innsjøen på New Zealand, i det nordaustlege hjørnet til sjøen der han tømmer seg i Waikatoelva. Elva dannar eit av dei flottaste fossefalla på New Zealand, Huka Falls, eit kort stykke nord for byen. Byen er eit senter for vulkansk og geotermisk aktivitet, og varme kjelder som høver til bading finst fleire stader i nærleiken. Vulkanfjellet Mount Tauhara ligg seks km mot aust.
Taupo ligg ved riksvegenState Highway 1 som her ligg i same trasé som State Highway 5. Byen ligg 53 km nord for Turangi. Han er eit av dei få sentera på New Zealand som aldri har vore knytt til jarnvegsnettet.
Taupo er eit turistsenter, særleg om sommaren, der ein finn panoramautsikt over sjøen, og mot dei vulkanske fjella i nasjonalparken Tongariro National Park i sør. Her finst ei rekkje aktivitetar for tilreisande, mellom anna fallskjermhopp, paragliding, vassport og mountain biking.
Taupo yter tenester til ei rekkje skogbruksverksemder i området, mellom desse Kaingaroaskogen, den største menneskeskapte skogen på den sørlege halvkula, med tilhøyrande trelastindustri. Eit stort sagbruk ligg om lag 3 km nordaust for byen.
Taupo ligg ved riksveganeState Highway 1 og og State Highwau 5 og turistvegen Thermal Explorer Highway. Alle desse tre vegane går saman i ei elleve kilometers strekning frå Wairakei i til den sørlege delen av Taupo.