Søraust-USA (engelsk Southeastern United States) er den austre delen av Sørstatane i USA, og den sørlege delen av Aust-USA.
United States Census Bureau har ingen offisiell definisjon på området, men Association of American Geographers definerer området som å omfatta delstatane Alabama, Florida, Georgia, Kentucky, Mississippi, Nord-Carolina, Sør-Carolina, Tennessee, Virginia og Vest-Virginia.[1]
Puerto Rico og Dei amerikanske Jomfruøyane ligg søraust for Florida, og er rekna som del av Sørstatane eller Søraust-USA av Federal Aviation Administration, Agricultural Research Service og U.S. National Park Service.[2][3][4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff