Sør-Ossetia[a] er ein de facto sjølvstendig republikk, som ikkje er anerkjend av nokre land eller internasjonale organisasjonar (SN, OSSE, EU osv.). Ein annan del av Sør-Ossetia er kontrollert av dei georgiske styresmaktene. Georgia ser ikkje på Sør-Ossetia som ein sjøvstendig instans, men i april 2007 oppretta den georgiske regjeringa ei mellombels administrativ eining[2] styrt av etniske ossetarar (tidlegare medlemmar av separatistregjeringa) som gjer at Tbilisi kan styre området via lokale leiarar og forhandle med dei ossetiske styresmaktene i eit forsøk på å løyse konflikten.[3] Sør-Ossetia var ein autonom oblast i Georgia då det var ein del av Sovjetunionen.
Sør-Ossetia har eit areal på 3 900 km² og om lag 70 000 innbyggjarar, som er ei blanding av georgiarar og ossetarar (byane er omvekslande georgiske eller ossetiske utan klåre grenser). Den største byen, som fungerer som hovudstad i området, er Tskhinvali.
Geografi
Sør-Ossetia ligg på sørsida av Store Kaukasus, som skil området frå det meir folkesette Nord-Ossetia i Russland, og strekkjer seg sørover til elva Kura i Georgia. Området er fjellkledd og ein større del av området ligg over 1 000 meter over havet.
Merknader
↑ossetisk Хуссар Ирыстон, Khussar Iryston; georgisk სამხრეთ ოსეთი, Samkhret Oseti ; russisk Южная Осетия, Juzjnaja Osetija