Etelä-Suomen lääni Södra Finlands län
Len i Finland
Våpen
Location of Södra Finlands län
Historie
- Oppretta
1998
- Nedlagt
1. januar 2010
Södra Finlands län (finsk Etelä-Suomen lääni ) var eit finsk len som vart danna ved lensreforma i Finland i 1998 og avskaffa ved inngangen til 2010, saman med alle len i Finland . Lenet omfatta landskapa Nyland , Östra Nyland , Tavastland , Päijänne-Tavastland , Kymmenedalen og Södra Karelen . Det grensa til Västra Finlands län og Östra Finlands län . Administrasjonen heldt til i Tavastehus .
Lenet hadde eit folketal på 2 095 416 (2002) og var dermed det folkerikaste i Finland. Det hadde ei flatevidd på 34 378 km² og var dermed også det minste.
Lensvåpenet var sett saman av våpena til Tavastia , Karelia og Nyland .