São Tomé er hovudstad og den største byen på øystaten São Tomé og Príncipe i Vest-Afrika. Han har rundt 50 000 innbyggjarar.
Byen blei grunnlagd av portugisarar i 1485, og er bygd opp kring ei domkyrkje frå 1500-talet. Ein annan tidleg bygning er Fort São Sebastião frå 1575 som i dag er nasjonalmuseet på São Tomé.
São Tomé ligg på nordaustkysten av øya São Tomé, og er ein viktig lokal hamneby.[1] São Tomé internasjonale lufthamn ligg like utanfor byen.[1] São Tomé har også vegsamband med byane Trindade, Guadalupe og Santana.
Kjelder
Bakgrunnsstoff