Svaler er ei gruppe sporvefuglar i familienHirundinidae som er tilpassa eit levesett karakterisert av å fange føda i lufta. I Europa brukar ein omgrepet svaler ofte om den eine artenlåvesvale. Familien samlar omkring 86 artar i 18 slekter.
Svalene har ei kosmopolitisk utbreiing og hekkar på alle kontinent unntatt Antarktis. Ein trur at denne familien har opphav frå Afrika der dei var hòlerugarar, i Afrika finn ein framleis størst artsmangfald av svaler.[1] Dei har òg utbreiing på ei rekkje oseaniske øyar. Mange europeiske og nordamerikanske artar er langdistansemigrantar, i motsetnad til vest- og sørafrikanske svaler som ikkje er trekkfuglar. Somme svaleartar er trua av utrydding grunna menneskelege aktivitetar, medan andre artar tar føremon av menneskelege påverknader på miljøet, og dei lever difor nær menneske.
Skildring
Svaler har ei evolusjonært konservativ kroppsform som er felles for heile familien, men med ulikskap i høve til andre sporvefuglar.[2] Dei har tilpassa seg jakt på insekt i flukt ved å utvikle ein slank straumlinjeforma kropp og lange spisse venger, noko som gjev gode evner til å manøvrere og halde ut langvarig flyging samstundes som dei kan veksle med stadige glidefluktar. Kroppsforma gjev grunnlag for særs effektiv flyging, som kostar 50-75 % mindre for svalene enn for andre sporvefuglar med tilsvarande storleik. Til vanleg beitar dei med ei fart på rundt 30–40 km/t, men dei er i stand til å nå snøggleik på mellom 50 og 65 km/t på transportetappar.
Akkurat som seglarar og natteramnar, som jaktar på ein liknande måte, har dei breie og korte nebb, men sterk kjeve og breitt gap. Kroppslengda varierer frå ca. 10-24 cm og vekta frå ca. 10-60 gram. Vengene er lange, spisse, og har ni primærfjør. Halen har 12 fjør med kraftig kløfta til mindre kløfta form, eller han kan vere tverr i enden. Ein lang hale aukar evna til manøvrering, og kan også fungere som kjønnsrelatert pryd, ettersom halen ofte er lengre hos hannfuglar enn hos hoer. Hofuglar av låvesvale vel truleg partnar på grunnlag av halelengda.
Beina er korte, og føtene er tilpassa å sitje snarare enn å gå. Men svalene er òg i stand til å gå og til og med springe, det gjer dei med ein subbete, vaggande gange.[3] Leggmusklane hos elvesvaler, Pseudochelidon, er sterkare og meir robuste enn hos andre svaler.[2][3]
Ei typisk fjørdrakt for fuglar i denne familien er skinande mørk blå eller grøn på oversida og har einsfarga eller stripete underside, i regelen kvit eller raudleg. Hòlerugarar eller artar med biotop i tørre område eller fjellområde er ofte avdempa brune på oversida, slik som vi ser det hos sandsvale og klippesvale. Med unnatak frå skilnaden med ytre halefjør som hos mange artar er lengst hos vaksne hannfuglar, syner svaler liten eller ingen kjønnsdimorfisme.
Svaleungane er nakne og har lukka auge når dei vert klekt. Flygedyktige ungar har vanlegvis meir avdempa farger enn vaksne.
Utbreiing, habitat og trekk
Svaler har ein verdsomspennande utbreiing, førekjem på alle kontinent unntatt Antarktis. Ein art, kystsvale, er hekkefugl på ei rekkje oseaniske øyar i Stillehavet,[4]madagaskarsvale hekkar på Réunion og Mauritius i Indiahavet,[5] og ei rekkje av trekkjande artar er vanlege omstreifarar til andre isolerte øyar og enda nokre sub-antarktiske øyar. Mange artar har utbreiing over enorme område, spesielt låvesvala som hekkar over det meste av den nordlege halvkula og overvintrar på det meste av den sørlege halvkula.
Familien brukar eit breitt spekter av habitat. Dei er avhengige av flygande insekt, og ettersom desse er vanlege over elvar og innsjøar vil dei ofte beite over vatn, men dei finst òg i opne habitat inkludert grassletter, open skog, savannar, myrer, mangrove og krattskog, frå havnivå opp til høge alpine område. Mange artar lever nær menneske i urbane område og i område med landbruk. Somme artar har utvida det naturlege utbreiingsområde. Til dømes arten pionérsvale, tidlegare med utbreiing på det australske kontinentet, starta med å kolonisere New Zealand i 1920, begynte å hekke der på 1950-talet og er nå ein vanleg fugl i landet.[6]
Artar som hekkar i tempererte regionar migrerer til varmare område om vinteren når matgrunnlaget av insekt kollapsar i dei tempererte område. Artar som hekkar i meir tropiske område er ofte nær standfuglar, men somme tropiske artar er delvis migrantar eller gjer kortare trekk.
Levevis
Svalene er ekstremt gode flygarar, og utnyttar dugleiken til å tiltrekkje seg ein make og å pare seg. Nokre artar, som mangrovesvale, er territoriale, andre er det ikkje, og hevdar berre rett om hekkestaden sin. Generelt er det hannfuglar som vel reirplass, og deretter lokkar til seg ei ho med song og flyging. Utstrekninga av territoriet varierer med arten, i kolonihekkarar plar hevde lite territorium, men det kan vere mykje større for dei med spreidde reirplassar. Utanfor hekkesesongen kan nokre artar danne store flokkar, og somme artar kan også kvile saman i flokkar. Ein trur det gjev vern mot predatorar som haukar og falkar. Slike kvileplassar kan vere enorme, ein vinterkvileplass for låvesvaler i Nigeria trekte til seg 1,5 millionar individ.[7] Ikkje-selskaplege artar dannar ikkje flokkar, men flygedyktige ungar hos desse artane kan vere saman med foreldra ei stund etter hekkesesongen.
Kosthald og fôring
For det meste er svalene insektetarar, dei tar flygande insekt i flukt. Artar frå heile familien har eit breitt utval av insekt på menyen, frå dei fleste grupper av insekt, men samansetjinga av bytte i dietten varierer etter art og med årstida. Individuelle artar kan vere selektive, dei vel større byttedyr heller enn tilfeldig utval av insekt.[8] Dei søkjer å unngå visse typar byttedyr, særleg vil dei unngå stikkande insekt som bier og stikkekvefs. I tillegg til ei rekkje insektbyttedyr vil somme svaler om naudsynt bruke frukt og anna plantemateriale. I Afrika har ein registrert artar som et frøa frå akasia og smalstripesvale har nytta frøa som fôr til ungane sine.[2][9]
I regelen haustar svalene byttedyr i lufta, men nokre gonger snappar dei insekt frå greiner eller rett frå bakken. Flygemønsteret er prega av fart og akrobatikk med krappe svingar og krenkingar når dei jaktar bytte som er kjappe. Mindre kjappe byttedyr kan bli tatt i eit tregare flygemønster som inkluderer sirklar og sekvensar av vengeslag følgt av glideflukt. Om fleire svaleartar beitar over same område vil dei separere i ulike nisjar basert på høgda over bakken, nokre artar beitar nær bakken medan andre held seg på eit høgare nivå. Liknande separasjon oppstår der svaler overlappar med seglarar. Det kan vere storleiken på byttedyr som avgjer valet av nisje.
Formering
Dei mest «primitive» artane hekkar i holrom, for eksempel i gamle hakkespettreir, andre artar grev hòler i mjukt materiale som i sandbankar.[2] Artane i slektene Hirundo, Ptyonoproggne, Cecropis, Petrochelidon og Delichon byggjer reir av gjørme som tørkar under overheng på stader som har vern både mot vêr og predatorar. Desse artane er mest vanlege i «den gamle verda», særleg i Afrika, medan holerugarar i regelen lever i «den nye verda». Artar med reir under overheng er meir sjeldne i område med mykje fuktig luft, slik luft fører til at reira smuldrar opp. Mange artar med reir i hòler og bergsprekkar hekkar i store koloniar. Hos artar med reir av gjørmematerial deltar begge kjønna i byggearbeidet, same fordeling finst hos artar som grev tunellar. I historisk tid har innføringa av menneskeskapte strukturar som låvar og bruer, saman med skogrydding, ført til ein overflod av plassar for rugekoloniar rundt om i verda, med monaleg utvida hekkeområde for enkelte artar. Fuglar som lever i store koloniar vil vanlegvis stri med både parasittisme og reirparasittisme.[10][11] Gamle hannar har størst utbytte av koloniruging, ettersom dei er i stand til å halde vedlike egne reir og å dra nytte av hyppige ekstraparkopulasjonar.
Par av modne svaler er monogame,[12] og par av ikkje-trekkande artar lever ofte nær hekkeområda heile året, men berre i hekkesesongen vert reirplassen forsvart mest intenst. Trekkjande artar kjem ofte tilbake til dei same hekkeområda kvart år, og kan velje det same reirområdet om hekkinga tidlegare har vore vellukka på plassen. Generelt vil første års hekkarar velje hekkeområdet nær plasser der dei vart fødd og vaks opp.[13] Artar i tempererte område forplantar seg sesongbetont, mens subtropiske og tropiske artar kan enten vere sesonghekkarar eller hekke kontinuerleg gjennom heile året. Sesonghekkarar synkroniserer hekking med insektaktiviteten, i tropane vanlegvis i regntida, men somme artar som safirsvale får ungekull i den tørre årstida for å unngå å bli trua av flaum ved elvebreddene som er hekkehabitatet deira.[2] Alle svalene vil forsvare reiret mot eggjegerar, artar som hekkar spreidd er meir aggressive mot predatorar enn kolonirugarar.[14] Samla sett er bidraga til omsorg for ungane frå mannlege svaler den høgaste av alle familiar av sporvefuglar.[2]
Svaleegga plar vere kvite, somme artar med gjørmereir har flekkete egg. I gjennomsnitt er kullet på rundt fire-fem egg i tempererte område og to til tre egg i tropane. Rugeplikta er delt hos nokre artar, hos andre rugar hofuglen aleine. Blant dei artar der hannen tar del i ruginga varierer bidraget frå hannfuglar frå art til art, der nokre artar som mursvale deler likt, hos andre artar tar hofuglen mestepraten av ruginga. Sjølv hos artar der hannen ikkje rugar, kan hannfuglen sitje på egga for å redusere varmetap når hoa er ute. Rugeintervalla varer frå 5 til 15 minutt og vert etterfølgt av pausar med fôringsaktivitet. Rugetida er typisk 14-18 dagar.
Svaleungane er nakne ved klekking, vanlegvis med berre små duskar av dun. Auga er lukka og opnar ikkje heilt før opptil 10 dagar. Fjørene tar til å vekse etter nokre dagar, og ungane får varme frå foreldra fram til dei sjølv er i stand til å termoregulere. I det heile utviklar dei seg langsamt samanlikna med ungar i andre familiar av sporvefuglar. Vanlegvis fôrar ikkje foreldra ungane med enkeltinsekt, i staden lagar dei ein masse av frå ti til hundre insekt. Hannar hos alle artar tar del fôring av ungar. Det er vanskeleg å avgjere om svaleungar er flygedyktige, foreldra lokkar ungane ut av reiret etter tre veker, men ofte trekk ungane attende til reiret for å kvile.
Song
Svalene er i stand til å produsere mange forskjellige kall eller songar, som brukast til å kommunisere med andre av same art, under frieri, eller som varsellyd når predatorar kjem nær området. Songane frå hannar kan uttrykkje tilstanden til fuglen og ein antar at hoer kan vurdere den fysiske stoda ut frå songen og om hannar er eigna til paring.[15] Ungar nyttar tiggelydar mot foreldra for å ytre trong til fôring. Den typiske songen frå svalene er enkle, nokre gonger musikalske kvitter.
Svaler i folketrua
I samband med at svalene blir borte om hausten i tempererte område, var det i oldtida vanleg å tru at mange svaler gjekk i dvale, til og med at dei gjekk under vatn. I eventyret Jomfru Maria og svala seier jomfrua til svala: «både nyste og saks skal du bere til merke, og om vinteren skal du liggje på botnen av sjøar og tjern»,[16] vitskapen meinte også fram til 1800-talet at svala overvintra i tjern.[17][18]Aristoteles skal ha meint det same om storkar og glentar. Det finst mange munnhell og tradisjonshistorier om svaler somme av dei handlar om svaler som varslar, særleg om vêr. Også uttrykket «Ei svale gjev ingen sommar» kan ha opphav frå antikken og referer til ei historie der einkvan ser ei svale, sel vinterkleda sine, men skjelv av kulde når vinteren kjem att neste dagen.[19] Andre slike munnhell handlar om svaler som lykkefuglar, i Skåne finst ordtaket «Där svalan bygger sitt bo skall lyckan gro».[19][20]
Ordsoge
Svale kjem av norrøntsvala,[21] og kan tyde 'den som rører seg hit og dit', den flagrande.[19]
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler.Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 5. juli 2009.
Fotnotar
↑Turner, Angela; Rose, Chris (1989). Swallows and martins: an identification guide and handbook. Houghton-Mifflin. ISBN0-395-51174-7.
↑ 3,03,1Gaunt, Abbot (1969). «Myology of the Leg in Swallows». Auk86 (1): 41–53.
↑Pratt, H.; Bruner, P; Berrett, D. (1987). The Birds of Hawaii and the Tropical Pacific. Princeton: Princeton University Press. s. 229. ISBN0-691-08402-5.
↑Sinclair, Ian; Olivier Langrand (2005). Birds of the Indian Ocean Islands. Struik. s. 118. ISBN9781868729562.
↑Tarburton, M.K. (1993) A Comparison of the Breeding Biology of the Welcome Swallow in Australia and Recently Colonized New ZealandEmu93 (1): 34 - 43
↑Saino N, Galeotti P, Sacchi R & A Møller (1997) «Song and immunological condition in male barn swallows (Hirundo rustica)» Behavioral Ecology8 94): 364-371
↑Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Kanaltunneln Karta över tunnelns sträckningOfficiellt namnChannel TunnelPlats Sangatte, Frankrike Kent, StorbritannienKorsarEngelska kanalenFormatTotal längd50 kmDatumÖppningsdatum6 maj 1994TrafikTrafikslagTågtrafikAntal tågspårDubbelspår Kanaltunneln (engelska: Channel Tunnel, franska: Le tunnel sous la Manche; också känd som (the) Chunnel)[1][2], är en 50 km lång järnvägstunnel, varav 39 km undervattenstunnel under Engelska kanalen, mellan Folkestone i Kent på Storbritannien ...
У этого термина существуют и другие значения, см. Русская Правда. П. И. Пестель Обложка «Русской правды» «Ру́сская пра́вда» Павла Ивановича Пестеля — основной программный документ Южного общества декабристов, принятый руководителями его управления в 1823 году[1&...
Not to be confused with Nelson Mandela Bridge. This article does not cite any sources. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Nelson Mandela Bridges – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (September 2011) (Learn how and when to remove this template message) 48°49′13″N 2°23′58″E / 48.82028°N 2.39944°E / 48.82028; 2...
Bommetje Bommetje, van onderen gezien Een bommetje is het verschijnsel waarbij iemand, door in het water te springen, een waterzuil doet opspringen. Het is een bezigheid die meestal in een zwembad wordt beoefend. Door een bepaalde lichaamshouding aan te nemen – een of beide knieën optrekken, iets achterover leunen – kan de grootte en hoogte van de waterzuil worden beïnvloed. Het is bij een bommetje de bedoeling deze waterzuil zo hoog mogelijk te laten worden. De grootste en zwaarste per...
400-foot-tall skyscraper in the Denny Triangle neighborhood of Seattle, Washington This article is about the building in Seattle. For the educational organization, see ASPIRA. AspiraViewed from Virginia Street and Boren AvenueLocation within downtown SeattleGeneral informationStatusCompletedTypeRetail/ResidentialLocationSeattle, WashingtonAddress1823 Terry AvenueCoordinates47°36′58″N 122°20′01″W / 47.616047°N 122.333473°W / 47.616047; -122.333473Constructio...
Der russische Lenkwaffenkreuzer Moskwa Der Lenkwaffenkreuzer USS Princeton der Ticonderoga-Klasse der US Navy auf hoher See Ein Lenkwaffenkreuzer – oft auch nur Raketenkreuzer genannt – ist ein mittelgroßes Kriegsschiff, das mit lenkbaren Raketen bewaffnet ist. Geschichte Die Gattung der Lenkwaffenkreuzer (englisch guided missile cruiser) entstand durch Umbauten von Kreuzern. Hier wurden bei den ersten Schiffen die hinteren Geschütztürme gegen eine Startanlage und ein Magazin für die ...
This article relies largely or entirely on a single source. Relevant discussion may be found on the talk page. Please help improve this article by introducing citations to additional sources.Find sources: Wayzata Public Schools – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (February 2023) Wayzata Public SchoolsLocationUnited StatesDistrict informationGradesK-12Established1870SuperintendentChace B. AndersonSchools13Budget$194,295,000NCES District ID2742...
Artikel ini tidak memiliki referensi atau sumber tepercaya sehingga isinya tidak bisa dipastikan. Tolong bantu perbaiki artikel ini dengan menambahkan referensi yang layak. Tulisan tanpa sumber dapat dipertanyakan dan dihapus sewaktu-waktu.Cari sumber: Pentur, Simo, Boyolali – berita · surat kabar · buku · cendekiawan · JSTOR PenturDesaNegara IndonesiaProvinsiJawa TengahKabupatenBoyolaliKecamatanSimoKode pos57377Kode Kemendagri33.09.13.2007 Luas35...
Hamburg state election, 20152011202015 Februari 2015Semua 121 kursi Parlemen Hamburg61 kursi untuk meraih status mayoritasKandidat Partai pertama Partai kedua Partai ketiga Ketua Olaf Scholz Dietrich Wersich Katharina Fegebank Partai Partai Demokrat Sosial Jerman Persatuan Demokrat Kristen Jerman Aliansi 90/Partai Hijau Kursi sebelumnya 62 28 14 Kursi yang dimenangkan 58 20 15 Perubahan kursi 4 8 1 Suara rakyat 1.611.274 561.377 432.713 Persentase 45,6% ...
Railway station in Leiden, Netherlands This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Leiden Centraal railway station – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (June 2016) (Learn how and when to remove this template message) You can help expand this article with text translated from the corresponding ar...
Komite Olimpiade Jepang公益財団法人日本オリンピック委員会Kantor yang berada di Japan Sport Olympic SquareTanggal pendirian1 April 2011; 12 tahun lalu (2011-04-01)TipeYayasan berbadan hukum kepentingan umumKantor pusatJapan Sport Olympic Square4-2 Kasumigaokamachi, Kota Shinjuku, Tokyo, JepangWilayah layanan JepangPresidentYasuhiro YamashitaOrganisasi indukKomite Olimpiade Internasional (IOC)Situs webwww.joc.or.jpNama sebelumnyaYayasan Komite Olimpiade Jepang (財...
Chapelle du couvent des Sœurs de la Charité de BourgesFaçade sud du CouventPrésentationType ChapellePatrimonialité Inscrit MH (2020)LocalisationPays FranceRégion Centre-Val de LoireDépartement CherCommune BourgesCoordonnées 47° 05′ 41″ N, 2° 24′ 26″ ELocalisation sur la carte de FranceLocalisation sur la carte du Centre-Val de LoireLocalisation sur la carte de Chermodifier - modifier le code - modifier Wikidata Le couvent des Sœurs ...
South Korean guitarist/multi-instrumentalist This biography of a living person relies too much on references to primary sources. Please help by adding secondary or tertiary sources. Contentious material about living persons that is unsourced or poorly sourced must be removed immediately, especially if potentially libelous or harmful.Find sources: Sungha Jung – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (February 2014) (Learn how and when to remove thi...
UK logistic support charity 4×4 Response Network logo 4x4 Response is a UK based charity whose volunteers offer the use of their 4x4 vehicles to provide logistic support in adverse conditions, working with other Voluntary Organisations and the blue-light emergency services.[1] The Charity was set up to assist or facilitate 4x4 drivers that wanted to form a group in an area where there was no group currently in existence. The charity itself, while largely consisting of volunteers, in ...
Harald Norvik Harald Norvik (born 21 June 1946 in Vadsø) is a former chairman, president, and chief executive of Norwegian oil firm Statoil, a former chairman of telecommunications company Telenor and a director of ConocoPhillips. Norvik received his Master of Science Degree in Business from the Norwegian School of Economics. Between 1979 and 1981 he served as personal secretary to the Prime Minister of Norway, Odvar Nordli, and also as State Secretary in the Ministry of Petroleum and Energy...
660-foot-tall skyscraper in Downtown Seattle, Washington F5 TowerUnder construction in July 2017Location within downtown SeattleFormer namesThe Mark, Fifth and Columbia TowerGeneral informationStatusCompletedTypeMixed-use: hotel and office buildingLocation801 5th Avenue, Seattle, Washington, U.S.Coordinates47°36′19″N 122°19′52″W / 47.60528°N 122.33111°W / 47.60528; -122.33111Groundbreaking2014CompletedMay 2017Cost$450 million[1]OwnerKKRHeightTip660&...
Fartyg i cortenstål vid Södersjukhuset i Stockholm. Sven-Olof Sundberg (av Sundberg själv stavat Svenolof Sundberg), född 11 december 1952,[1] är en svensk skulptör och smed. Sundberg studerade vid Nyckelviksskolan på Lidingö 1974–75, på Konstfack i Stockholm 1976–81 och vid slöjdlärarseminariet i Linköping 1981–82.[2] Sundberg arbetar huvudsakligen i järn och cortenstål. Härvid åstadkommer han såväl kraftfullt som känsligt smide.[2][förtydliga] Hans offentli...