Al Suwaiq (arabisk skrift السويق) er ein kystby i Al Batinah Nord guvernement nordaust i Oman. Namnet på byen syner til ein marknad, og byen var tidlegare ein marknadsby for regionen.
Al Suwaiq er òg ein wilayat eller provins i Al-Batinah Nord med eit variert terreng, frå kysten, til sletter og fjell og dalar. Han ligg 135 km frå hovudstaden Muscat. Al Suwaiq grensar til Al Mosina’a i aust, Al-Khaboura i vest, Omanbukta i nord og Al-Hoqain i sør.
Dei mest kjende historiske byggverka i området er A’Suwaiq fort, Al Tharmad fort, Al Hilal fort, Al Mghabsha fort og Al Borusheed fort. Det ligg òg ein gammal moské kalla Al Sabbara i byen. Moskeen vart bygd under regjeringstida til Ahmed bin Sa’aeed.
Kjelder