Suihua er eit byprefektur sentralt i provinsen Heilongjiang i Kina. Byprefekturet har eit areal på 35 211 km² og 5 416 439 innbyggjarar i 2010. I underkant av 900 000 mennske bur i storbyområdet, bydistriktet Beilin.
Byprefekturet Suihua omfattar eitt bydistrikt (区 qū), tre byfylke (市 shì) og seks fylke (县 xiàn).
Næring
Landbruket er hovudnæringa i Suihua, som er eit senter for landbruk i Heilongjiang. Petrokjemi, tekstilindustri og maskinproduksjon er andre hovudnæringar i Suihua.