Sugawara no Michizane (1. august845–26. mars903), også kjend som Kan Shōjō (菅丞相,Kan Shōjō) eller Kanke (菅家,Kanke), var ein japansk statsmann, forfattar, hofftenestemann og kinesisk klassisist som var verksam i Heian-tida. Han er kjend som ein framifrå diktar, særleg innnan kanshi-dikting. Han er vyrda innan shinto som guden for lærdom, Tenman-Tenjin (天満天神,Tenman-Tenjin) eller berre Tenjin.
Michizane kom frå den framståande ætta Sugawara,[1] og oppnådde raskt høg rang ved hoffet.[2] Han var ein viktig motstandar av Fujiwara-ætta, som utvida makta si på denne tida gjennom dei nære sambanda sine med keisarfamilien.[1] I 901 blei Sugawara skulda for eit komplott mot keisaren og forvist til Kyushu,[2] der han døydde to år seinare.[1] Då Kyoto blei ramma av naturkatastrofar etter dødens hans blei det sett på som hemn frå ånda til Sugawara no Michizanes. Derfor blei han posthumt opphøgd til høge embete og blei gjort til ein kami med namnet Kitano Tenjin.[2] Som Tenjin er han verneånd for skrivekunst og skular. Det blir fortald at han var særleg glad i eit særskilt plommetre i Kyoto, som skal ha rykka seg sjølv opp av jorda og floge til Kyushu for å vera nær Sugawara. På grunn av dette bruker ein å finna plommetre ved heilagdomar vigd Tenjin,[2] og han blir ofte avbilda med ei blømande plommegrein i handa.[3]
Dikting
Michizane hadde eit framifrå talent innan dikting, både for kanshi (lyrikk på kinesisk) og waka (lyrikk på japansk).
Han var mest interessert i kanshi, ettersom det på den tida var rekna som eit teikn på lærdom og danning å beherska kinesisk kultur.
Ryet hans for kanshi-dikting blei velkjend ved hoffet, og keisar Daigo bad han om å laga ei samling av dei kinesiske dikta. I år 900 gav han ut Kanke Bunsō (菅家文草,Kanke Bunsō) og dedikerte samlinga til keisaren. Etter å ha blitt send i eksil fortsette han å dikta kanshi, og samla dei i Kanke Kōshū (菅家後集,Kanke Kōshū).[4] Dette verket inneheldt 46 kanshi, og blei fullført ein gong før han døydde i 903.[5] Han sende samlinga til Ki no Haseo (紀長谷雄,Ki no Haseo) like før han døydde.[5]
Kono tabi wa
Nusa mo toriaezu
Tamuke-yama
Momiji no nishiki
Kami no mani-mani
On this journey I have no streamers made of silk to offer up.
Gods, if it pleases you, may you take instead this beautiful brocade of Mt. Tamuke's autumn colors.
Eit kjend waka-dikt skrive i 901 like før han forlet Kyoto for å dra i eksil til Daizaifu. Han følte djup sorg for å aldri få sjå plommetreet i hagen sin i Kyoto igjen, så han tala til det: